Hopp til innhold

Mot ny rettsak om reiser og arbeidstid i politiet

Politiets Fellesforbund ankar dommen i saka om reiser i uniformert tenestebil til trening og oppdrag skal reknast som arbeidstid.

Montasje: Ronny Iden og Kjetil Drange

STRID OM ARBEIDSTID: Politimeister Ronny Iden og tillitsvald Kjetil Drange

Foto: MONTASJE: Truls Kleiven/Vidar Gudvangen, NRK

– Eg vil påstå at denne saka er særdeles viktig både for politiet, PF Sogn og Fjordane og i heile landet for den saks skuld, seier Kjetil Drange som er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.

I 2013 fekk politiet ein ny arbeidstidsavtale. Då oppstod og striden om reiser til og frå oppdrag og trening skal reknast som arbeidstid eller ikkje.

Kjetil Drange

ANKAR: Kjetil Drange er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Både i Sogn og Fjordane og Nord Norge har vi mykje reising, og i neste fase der det ligg an til å bli atskilleg større politidistrikt blir det jo desto meir reising. Så dette er det viktig å få ei avklaring på, og vi meiner dommen gir eit urett bilete av dei faktiske forhold og har difor anka den dommen.

Tapte første runde

Men då saka var oppe i Oslo tingrett, var det arbeidsgjevarsida som vann fram for sitt syn. Den dommen ankar no Politiets Fellesforbund, skriv Politiforum.

– Vi meiner dommen gir eit urett bilete av dei faktiske forhold og har difor anka den dommen.

Utgangspunktet for rettssaka er to eskorteoppdrag som politiet gjorde i Sogn og Fjordane og eit oppdrag der utrykkingseininga rykka ut til aksjon

– Alle desse oppdraga var væpna, og det er fleire element som skjedde under vegs som gjer at vi meiner dette er arbeidstid.

Prinsipiell sak

Ronny Iden

PRINSIPIELL SAK: Politimeister Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven

– Eg registrerer at Politiets Fellesforbund ankar dommen, og det gjer dei nok ut ifrå at dette dei vurderer dette som ei prinsipiell sak. Så vi ser fram til at saka får ei endeleg avklaring no ein gong i løpet av 2015, seier politimeister Ronny Iden.

I Politiets Fellesforbund meiner Drange at Sogn og Fjordane praktiserer regelverket strengare enn andre politidistrikt. Det er ikkje Iden samd i.

– Vi meiner at vi har lagt oss på det som Politidirektoratet seier er den rette tolkinga, så får vi sjå kva dette ender opp med. Her er det eit spørsmål om reise utanom om den ordinære arbeidstid skal vurderast som arbeid når ein køyrer uniformert i tenestebil.

Heitt tema

Internt politidistriktet er saka eit heitt tema

– Det er eit tema som angår fleire i politidistriktet, og slik som dommen er skriven så opplever polititenestmennene at dei ikkje blir trudde i si framstilling. Det opplevast som ei ekstra påkjenning, seier Drange.

Politimeister Ronny Iden syner til at saka er ein tvist mellom Politiets Fellesforbund sentral og Politidirektoratet og Justisdepartementet på den andre sida. Han vil difor ikkje gå inn i nokon diskusjon og vurdering av fakta i saka.

Han fryktar likevel ikkje at striden skal gå ut over polititenestemennene sin vilje til å stille opp.

– Innleiingsvis då regelverket kom så var dei ein litt spissa situasjon og ein del usemje, men etter at vi blei samde om å vere usamde til dette spørsmålet er løyst i retten så har det eigentleg gått svært bra.