Hopp til innhold

Mot ny rekord i straumforbruket

Trass i skyhøge straumprisar brukar vi meir straum enn nokosinne, viser tal frå NVE. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) er forbruket mellom fire og fem prosent høgare enn i fjor.

Kraftlinja Fardal - Ørskog

HØGT FORBRUK: Går mot ny rekord for tredje år på rad.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Det ein skuldast nok almen auke i forbruket, ei anna årsak er nok at det var kaldt i vinter og vår, seier Asgeir Aase som er nettdirektør i SFE.

På landsplan er forbruket i år nærare tre prosent høgare enn på same tid i fjor.

Asgeir Aase, Sogn og Fjordane Energi

HØGT FORBRUK: Asgeir Aase er nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi

Foto: Ole-Andrè Rekkedal / NRK

– Vi ser førebel ingen teikn til at folk har byrja å spare på straumen, seier rådgjevar Martin Andreas Vik i Norges vassdrags- og energiverk (NVE) til NTB.

Forbruket opp

Ein kald vår drog opp straumforbruket i år totalt sett, og det ligg an til å bli 2,8 prosent høgare enn i fjor, ifølgje NVE. I så fall går vi mot det tredje året på rad med ny rekord i straumforbruket.

Også i Sunnfjord Energi merkar dei at folk har brukt mykje straum til no i år.

Fredrik Behrens

IKKJE UROA FOR STRAUMPRISEN: Fredrik Behrens er administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Foto: Helge Johnsen

– Det er som forventa. Vi hadde ein lang vinter og ein kald vår så det var venta at vi fekk ein vekst ut i frå det. Så får vi sjå korleis hausten vert, om forbruket året under eitt kjem til å stige, seier administrerande direktør Fredrik Beherens.

Med haust og kaldare tider i anmarsj har folk igjen begynt å skru på panelomnane sine, påpeikar Vik i NVE.

Ein annan viktig grunn til det auka straumforbruket, er at norsk økonomi går godt.

– Ein god del av økonomien er basert på kraftkrevjande industri, seier Vik.

Prisen opp

Den tørre sommaren gav 40 prosent mindre nedbør i norske kraftmagasin enn normalt i andre kvartal. Det har igjen ført til høgare straumprisar, og i store delar av landet er det tolv år sidan straumprisane var like høge i august som i år.

– No er ikkje magasinfyllinga ekstremt låg, den er nærare normalen. Så eg er ikkje så uroa for straumprisen, dersom hausten held fram slik den har byrja, seier Behrens

Samtidig skal ein ikkje mange år tilbake før straumprisane var endå høgare enn i dag. I februar 2010 nådde spotprisen fleire stader i landet opp i nesten 80 euro per megawattime, mot i overkant av 50 euro i august, viser statistikk frå NordPool.

Førebels ser det ikkje ut til at straumprisane vil gå særleg ned med det første, ifølgje Vik.

– Vi antar at prisane først vil vere nede på normalen neste sommar, seier han til NTB.