NRK Meny
Normal

Møt Marit og dyra frå Hakallegarden

Har du fått med deg den spennande TV-serien om livet på Hakallegarden? Her får du alle episodane som er sende.

Norsk dokumentarserie. (8:8) Haustfest.
Marit gruar seg til middag. Familien skal ha haustfest med kalkun og makrell, men Marit har ikkje lyst å smake. Kalkunen levde på garden før, så den har Marit ikkje tenkt å ete. Og makrell, det vil ho heller ikkje ha. Marit skulle ynskje at ho fekk bestemme kva dei skal ha til middag - då hadde det ikkje blitt kalkun og makrell.

EPISODE 8: Marit gruar seg til middag. Familien skal ha haustfest med kalkun og makrell, men Marit har ikkje lyst å smake. Kalkunen levde på garden før, så den har Marit ikkje tenkt å ete. Og makrell, det vil ho heller ikkje ha. Marit skulle ynskje at ho fekk bestemme kva dei skal ha til middag - då hadde det ikkje blitt kalkun og makrell.

Serien er i åtte delar og handlar om seks år gamle Marit Krakset på Hakallegarden, ein opplevingsgard med rikt utval av dyr og fuglar.

– Eg er veldig spent på om folk kjem til å like det ser, seier Marit Krakset.

For NRK Sogn og Fjordane er det nettopp spennande at serien kan vise ungar over heile landet samanhengen mellom livet på ein gard og maten i kjøleskapet.

Eva Westvik

NY SERIE: Programskapar Eva Westvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Serien vart til fordi garden er som skapt for barne-tv, seier programskapar Eva Westvik.

Fargane, alle dei ulike dyra og naturen, er kulissar finare enn dei klarar å skape med millionar i Hollywood. At det er fint på Hakallegarden er likevel ikkje den viktigaste grunnen til at Marit og dyra vart til seier Westvik.

Marit og dyra

BARNE-TV: Marit Krakset og nokre av dyra vi kan møte i den nye barne-tv serien frå Hakallegarden.

Foto: Arne Stubhaug

Grunnen er Marit sjølv og foreldra, Aina og Olav. Dei to er to foreldre som ikkje skjuler realitetane i livet for dottera si. Dei lærer Marit at dyra ikkje er levande kosebamsar.

– Dei lar henne få kjenne den enorme gleda når dyr blir fødde og dei skånar henne ikkje for sorga og fortvilinga når dyr dør naturleg, eller den dagen dei bestemmer kva for nokre dyr som skal til slakteriet for å bli mat.

Sjølv har hovudpersonen nokre klare favorittar blant dyra på garden,

– Det er hestar og kattar.

Serien Marit og dyra frå Hakallegarden kan du sjå kvar tysdag klokka 1825 på NRK Super. Du kan også sjå alle episodane i nett-TV.

Marit og dyra

FAMILIEN PÅ HAKALLEGARDEN: Olav, Marit og Aina Krakset.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Norsk dokumentarserie. (1:8) Bursdag med gips.
Marit bur på ein gard med mange dyr og mykje styr! Nyleg vart ho kasta av hesten, så ho braut armen. Det skjedde rett før seks-årsdagen, som ho har gleda seg til lenge. Marit har mykje ho skal ordne før bursdagsselskapet, men med armen i gips blir det litt av eit strev.

SJÅ FØRSTE EPISODE: Bursdag med gips. Marit bur på ein gard med mange dyr og mykje styr! Nyleg vart ho kasta av hesten, så ho braut armen. Det skjedde rett før seksårsdagen, som ho har gleda seg til lenge. Marit har mykje ho skal ordne før bursdagsselskapet, men med armen i gips blir det litt av eit strev.

Norsk dokumentarserie. (2:8) Dyr som flyttar.
I dag er Marit litt trist for den søte kattungen hennar skal flytte! Ho vil helst ha alle kattungane på garden sjølv, men det får ho ikkje lov til. Andre dyr forsvinn av seg sjølv, som den vesle alpakkababyen som plutseleg døydde. Marit likar ikkje å ta farvel med dyr som ho er glad i.

SJÅ ANDRE EPISODE: I dag er Marit litt trist for den søte kattungen hennar skal flytte! Ho vil helst ha alle kattungane på garden sjølv, men det får ho ikkje lov til. Andre dyr forsvinn av seg sjølv, som den vesle alpakkababyen som plutseleg døydde. Marit likar ikkje å ta farvel med dyr som ho er glad i.

Norsk dokumentarserie. (3:8) Alle dyr, kom ut!
Det er vår og varmt i lufta. Denne dagen er ein av dei kjekkaste heile året, for i dag skal alle dyra få komme ut av fjøsen. Dyra har stått inne og kjeda seg heile vinteren, så når dei slepp ut er det litt av eit styr! For dyra vil også leike, det trur Marit heilt sikkert.

SJÅ TREDJE EPISODE: Alle dyr, kom ut! Det er vår og varmt i lufta. Denne dagen er ein av dei kjekkaste heile året, for i dag skal alle dyra få komme ut av fjøsen. Dyra har stått inne og kjeda seg heile vinteren, så når dei slepp ut er det litt av eit styr! For dyra vil også leike, det trur Marit heilt sikkert.

Norsk dokumentarserie. (4:8) Vil ri igjen.
For litt sidan ramla Marit av hesten og braut armen. Etter det har ho vore redd for å ri. I dag har ho bestemt seg, ho vil ri igjen! Men korleis går det? Torer ho å ri åleine slik ho gjorde før?

FJERDE EPISODE: For litt sidan ramla Marit av hesten og braut armen. Etter det har ho vore redd for å ri. I dag har ho bestemt seg, ho vil ri igjen! Men korleis går det? Torer ho å ri åleine slik ho gjorde før?

Norsk dokumentarserie. (5:8) Dyrekjærastar.
I dag får grisen Linda besøk av Pelle, som vil bli kjærasten hennar. Men den store hanngrisen Gisle, som bur på garden frå før, vil ha Linda for seg sjølv. Når Pelle kjem, får han skikkeleg grisebank og dyrlegen må komme.

FEMTE EPISODE: Dyrekjæraster. I dag får grisen Linda besøk av Pelle, som vil bli kjærasten hennar. Men den store hanngrisen Gisle, som bur på garden frå før, vil ha Linda for seg sjølv. Når Pelle kjem, får han skikkeleg grisebank og dyrlegen må komme.

Norsk dokumentarserie. (6:8) Lure Frøken Fryd.
Eselet Frøken Fryd har stor mage og er veldig urolig. Alle trur ho snart skal ha baby. Marit og mamma ventar så lenge på eselbabyen at dei sovnar i fjøsen, ute i lag med dei andre dyra. Til slutt lurer Marit på om Frøken Fryd verkeleg har baby i magen, eller om ho lurer dei alle?

SJETTE EPISODE: Lure Frøken Fryd. Eselet Frøken Fryd har stor mage og er veldig urolig. Alle trur ho snart skal ha baby. Marit og mamma ventar så lenge på eselbabyen at dei sovnar i fjøsen, ute i lag med dei andre dyra. Til slutt lurer Marit på om Frøken Fryd verkeleg har baby i magen, eller om ho lurer dei alle?

Norsk dokumentarserie. (7:8) Slaktetid.
Ein dag kvar haust likar ikkje Marit å bu på gard. Den dagen bestemmer dei vaksne at nokre av dyra skal sendast på slakteriet for å bli til mat. Marit vil i alle fall ikkje at kua Marit Sara skal dø og prøver alt ho kan for å få mamma og pappa til å ombestemme seg.

EPISODE 7: Ein dag kvar haust likar ikkje Marit å bu på gard. Den dagen bestemmer dei vaksne at nokre av dyra skal sendast på slakteriet for å bli til mat. Marit vil i alle fall ikkje at kua Marit Sara skal dø og prøver alt ho kan for å få mamma og pappa til å ombestemme seg.

Norsk dokumentarserie. (8:8) Haustfest.
Marit gruar seg til middag. Familien skal ha haustfest med kalkun og makrell, men Marit har ikkje lyst å smake. Kalkunen levde på garden før, så den har Marit ikkje tenkt å ete. Og makrell, det vil ho heller ikkje ha. Marit skulle ynskje at ho fekk bestemme kva dei skal ha til middag - då hadde det ikkje blitt kalkun og makrell.

EPISODE 8: Marit gruar seg til middag. Familien skal ha haustfest med kalkun og makrell, men Marit har ikkje lyst å smake. Kalkunen levde på garden før, så den har Marit ikkje tenkt å ete. Og makrell, det vil ho heller ikkje ha. Marit skulle ynskje at ho fekk bestemme kva dei skal ha til middag - då hadde det ikkje blitt kalkun og makrell.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast