Hopp til innhold

Mot lysare tider for båtprodusent

Etter tunge år sidan finanskrisa i 2008, ser det ut til å gå mot lysare tider for båtprodusenten Saga Boats.

Saga Boats

OPTIMISME: Etter magre år er det venta ein omsetnad på mellom 40 og 50 millionar kroner.

Foto: Saga Boats

Idar Martin Refsnes

SATSAR I SELJE: Disponent Idar Martin Refsnes seier dei vil halde fram produksjonen i Selje.

Foto: Saga Boats

Bedrifta ser ei positiv endring i marknaden med aukande sal og ein venta omsetnad på mellom 40 og 50 millionar i år. Disponent Idar Martin Refsnes seier dei ser ei klar betring i forhold til dei siste åra.

–Vi har no stabilisert oss på eit visst nivå samstundes som vi har investert 10 millionar for å få til nye båtar og konsept. Når marknaden stig, vil vi få betalt tilbake det vi har brukt, seier han.

Inne i produksjonshallen i Selje står båtane på rekke og rad, klare til levering. Bedrifta har i dag 30 personar i arbeid. Det går med oppimot 1000 timar på ein båt, med støyping og montering.

– Vi satsar og brukar mykje pengar på å utvikle nye modellar, seier han.

Rask utvikling

Før finanskrisa råka, hadde dei 70 tilsette og dei hadde i 2007 ei omsetnad på 94 millionar koner. I 2012 var omsetnaden 35 millionar kroner. Men så datt botnen ut av lystbåtmarknaden. Refsnes seier det var ein generell nedgang på 70 prosent i heile Europa.

– Krisa råka oss også. Vi måtte seie opp og permittere mange arbeidarar. Det har vore ei vanskeleg tid for oss.

Dei siste åra har det vore mange båtar i denne klassen på bruktmarknaden på grunn av finanskrisa. Refsnes seier det no er færre i omløp, noko som er positivt for Saga Boats.

– I tillegg ser vi at yngre familiar byrjar å komme inn i lystbåt-miljøet. Det skaper grobotn for at dei kanskje kjøper større båtar seinare, seier han.

Dei har likevel klart å overleve i ein tøff marknad dei siste åra, der utviklinga går raskt både når det gjeld måtar å bygge på, innreiing og teknisk utvikling.

– Vi har fått nye og miljøvennlege motorar. Med dei dieselprisane vi har i dag, har forbrukt stor betydning, seier han.

Vil halde fram i Selje

Saga Boats er ei familieeigd bedrift og all produksjon skjer i lokala i Selje. I dag er dei ein av to produsentar av fritidsbåtar i denne storleiken i Norge. For å gjere det lettare for utanlandske kundar, har dei no etablert eit salskontor i Oslo.

– Det er for å komme nærare marknaden. Det er lettare for kundane å komme til Oslo enn til Selje. Men produksjonen skal vere i Selje. Det er her vi høyrer heime og her vi har sjela vår. Eg trur vi gjer rett i å halde fram her, seier han.

Saga Boats

FAMILIESELSKAP: Saga Boats er ei familieeigd bedrift og all produksjon skjer i lokala i Selje. I dag er dei ein av to produsentar av fritidsbåtar i denne storleiken i Norge.

Foto: Saga Boats