Hopp til innhold

Møt kritikarroste forfattarar direkte i nett-tv

Ho har skrive ei av dei mest omtalte bøkene i haust. I kveld kan du møte Olaug Nilssen direkte i nett-tv på nrk.no/sf frå klokka 19. Gjester i Litterær salong på Larris scene er og 90-årsjubilant og dramatikar Norvald Tveit og forfattar Jan Kristoffer Dale.

DIREKTE: Norvald Tveit, (t.h.) Olaug Nilssen (t.v.) og Jan Kristoffer Dale er mellom deltakarane på kveldens Bokbadet på Larris Scene i Førde.

Rom for ord freistar med eit stjernegalleri når dei inviterer til sin første litterære salong på Larris scene i Førde.

Førdianaren Olaug Nilssen vart nyleg nominert til Brageprisen for «Tung tids tale», medan sogningen og dramatikaren Norvald Tveit feirar 90-årsdag med jubileumsboka «På reservebenken». Tredjemann er den prisvinnande forfattaren Jan Kristoffer Dale som kjem for å snakke om novellesamlinga «Arbeidsnever» som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for i fjor.

Sendinga i nett-tv på nrk.no/sf startar kl. 19 og varer til kring 21.30, då vertskapet har opplyst av dei vi takke for seg.