626 utøvarar stilte til start då startskotet gjekk laurdag føremiddag, noko Roar Vangsnes i arrangementkomiteen svært godt nøgd med.
Frå Kjeringi Open. Arkivfoto NRK
Fire disiplinar
Kjeringi open går frå fjellet Kjeringi på 1314 meters høgd og ned mot fjorden i Leikanger. Difor gjekk startskotet klokka 13.14. Først står deltakarane på telemarkski ned fjellsida, så er det langrenn, løp og sykkel. Utøvarane som tek seg gjenom alle fire disiplinane blir utnemnde til superkjerring.
Delt førsteplass
Og best av alle superkjerringar i år var duoen Jarle Berge frå Høyanger og Svein Arne Haugen frå Bjørn. Dei delte førsteplassen.