Hopp til innhold

Mot forsoning i den kalde flyplasskrigen

Den siste veka har karakteristikkane hagla i striden om flyplassane. No verkar debattantane klare for forsoning.

Montasje: Mathias Råheim, Olve Grotle, Bengt Solheim-Olsen

MOT SEMJE: Mathias Råheim, Olve Grotle og Bengt Solheim-Olsen, alle høgreordførarar i Sunnfjord, har vore rykande ueinige dei siste dagane. No har kamplysten stilna.

Foto: MONTASJE: Sogn og Fjordane Høgre/Susanne Egset, NRK/ Geir Bjarte Hjetland, NRK

Førdeordførar Olve Grotle og floraordførar Bengt Solheim Olsen, begge frå Høgre, har stått på kvar si side i ein oppheita verbal krig om framtida til flyplassane i fylket. No har kampropa stilna.

– I alle familiar så er det av og til ein feide. Det har det no vore i Sunnfjord, men eg er ikkje i tvil om at vi skal leggje dette bak oss og halde fram det gode samarbeidet, seier Grotle.

Kjernen i striden

Krangelen oppstod då Bjørn Hollevik, høgrepolitikar i Florø, føreslo å leggje ned flyplassar for å sikre pengar til blant anna Kystvegen.

Bjørn Hollevik

KONTROVERSIELT: Bjørn Hollevik (H) føreslo å ofre flyplassar for betre vegar, og meinte Førde lufthamn Bringeland låg usett til.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Forslaget provoserte ordførar i Førde Olve Grotle (H), som sa seg lei på at kystvegforkjemparane stadig vil leggje ned samferdsletilbod andre stader for å finansiere sitt eige hjartebarn.

– Eg er redd for at velviljen til kystvegen vil forvitre dersom det skal finansierast gjennom nedlegging av andre samferdsletilbod, sa han.

Dette utspelet provoserte i sin tur høgreordførar Bengt Solheim Olsen i Florø, som kalla det ei krigserklæring i fredstid.

– Det trigga patriotismen i florøværingen og eg hadde eit behov for å seie klart og tydeleg ifrå, seier Solheim Olsen.

Uro for samarbeidsklima

Både fylkesleiaren i Venstre og Arbeidarpartiet i Flora har gått ut med pressemeldingar der dei uttrykkjer uro for at samarbeidsklimaet i Sunnfjord no er på frysepunktet.

Begge er i mot å leggje ned flyplassar for å frigjere pengar til veg.

– Flora Arbeidarparti er tydelege på at vi ikkje ønskjer å diskutere nedbygging av infrastruktur. Tvert imot meiner vi det er viktig å stå saman om å byggje opp infrastrukturen i fylket, skriv Oscar Bergheim, leiar i Flora Arbeiderparti.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, meiner fylket står fram som sin eigen fiende.

– Venstre nektar å vere med på ein flyplasskrig der vi kjempar for å legge ned kvarandre sine flyplassar, skriv ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde Lufthamn Bringeland

TIL VURDERING: Avinor skal vurdere flyplassnedleggingar og Bringeland i Førde er ein av dei som er i faresona.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Mot forsoning

Når støvet har lagt seg viser det seg at debattantane kanskje ikkje var så ueinige som det først kunne verke.

– Det er overhovudet ikkje noko målsetning om å finansiere vegprosjekta ved å legge ned andre ting, seier Solheim Olsen.

Olve Grotle seier han aldri har meint at han er lei kystvegtilhengarane.

– Men eg har åtvara mot å finansiere dette gjennom å leggje ned flyplassar, seier han.

Han trur dei har snakka forbi kvarandre.

– Eg er glad for at vi endeleg kan einast om dei tinga eg og alltid har trudd at vi er einige om, seier Grotle, som trur saka no er ute av verda.

– Vi støttar framleis Kystvegen, men vi har sett nokre grenser og premissar som gjeld for oss, seier Grotle.