Hopp til innhold

Møt ein av Norges største bilentusiastar

Olav Faleide samlar på Saab-bilar og har sju registrerte. Men no skal han endeleg få samle alle Saab-entusiastar i si eiga bygd Loen.

Han har 7 registrerte Saab-bilar, og tysdag skal Olav Faleide få vise dei fram.
Han er nemleg ein av dei som er vertskap for det internasjonale Saab-treffet som skal vere i Loen frå 4.-7.august 2015.

Olav Faleide har sju registrerte Saab-bilar. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Han er nemleg ein av dei som er vertskap for det internasjonale Saab-treffet som skal vere i Loen frå 4.-7. august 2015.

–Eg tykkjer det er fantastisk at Saab-klubbane frå 15 europeiske land har bestemt seg for å kome på besøk til Loen. Det er kanskje ikkje den mest sentrale plassen i Europa, seier Faleide

Saab 99

MEIR ENN STOLT: Denne var eigd av Lensmann Flølo, og er favoritten til Olav Faleide

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hobby i 50 år

Det kjem mellom 160 og 170 bilar til det årlege treffet for Saab-entusiastar i Europa. Tysdag klokka seks skal dei vise fram alle bilane i Loen sentrum. Dei rangerer bilane etter den eldste bilen. Det er ein norsk bil frå 1957 som skal vere fyrste bilen, og den blir køyrt av Ole G. Dalen.

– Eg har sju registrerte bilar, men eg har like mange til som eg har gøymt og skal pusse på når eg blir pensjonist, seier Faleide, som har hatt dette som hobby i 50 år.

Saab

SJU BILAR: Frå venstre: 96 frå 1962, 99 frå 1968, 96 V4 1.7 frå 1976, 99 GL frå 1982, 900S frå 1994, 9–3 SE frå 1999 og 9–5 2.3 Estate frå 2007.

Foto: Privat / NRK

Det tek nesten ei veke å polere alle bilane. Medan han driv og finpussar og polerer den siste bilen sin, må han stå i skuggen. Ute skin sola, og over han er det eit yrande liv av folk som dreg til fjells.

Men kvifor går ikkje Faleide til fjells? Høyr det kostelege svaret i videoen øvst i saka.

Olav Faleide

600 MEDLEMMAR: Då han var på leit etter reservedelar som hadde gått ut på dato, starta Olav Faleide Gammelsaabens venner, som i dag har 600 medlemmar og kan skaffe det meste av delar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Favorittbilen – bilen til lensmannen

Han fortel entusiastisk om alle bilane sine, men det er nok den svarte Saaben som tilhøyrte Lensmann Flølo som er mest populær (sjå bilete lenger oppe).

Det er den fyrste Saab 99 som er laga, i 1968. Då Olav Faleide gjekk på gymnas på Sandane i 1971, gjekk han forbi bilen to gongar for dagen, og han tykte det var det vakraste ein kunne kjøpe som gjekk på hjul.

35 år seinare fekk han høve til å eige bilen sjølv.

–Eg trur stolt er eit beskjedent ord å bruke.

Saab frå 62

ELDST: Den eldste bilen Faleide har, er ein to-takter frå 1962. Den har vunne Rally Monte Carlo og er vel den bilen som Saab slo gjennom med.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK