NRK Meny
Normal

Mot den nest dårlegaste eplehausten på femti år

Prognosar frå Fylkesmannen lovar ikkje godt for eplebøndene. Berre éin gong dei siste femti åra har produksjonen av eple vore dårlegare.

Årets epler

NEDTUR: Fjoråret var eit svært godt år for fleire fruktbønder. I år er det tyngre og spesielt for eplebøndene.

Foto: Gunn Nyborg

I fjor vart det produsert 797 tonn eple i Sogn og Fjordane, 10 prosent av produksjonen i landet. Men i år blir det langt tøffare før bøndene. Årsaka er at våren var ein av dei kaldaste og fuktigaste som er registrert.

– Då blir det fort problem med blomstring for fruktbøndene. Det ser ut til at avlingane er dårlegare i år enn dei har vore på lang tid, seier fylkesgartnar Jon Anders Stavang.

Sein og ujamn haust

Når våren er tøff spelar det lokale klimaet ei ekstra viktig rolle og det blir store skilnadar frå gard til gard og frå fjordstrøk til fjordstrøk. Verst ser den dårlege våren ut til å råke fruktbøndene i Hardanger og dels i Hordaland.

Epler i Hardanger

VERST UT: Den kalde og fuktige våren slår hardast ut for eplebøndene i Hardanger, men også Hordaland og Sogn og Fjordane merkar dårlegare avlingar.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Men òg i Sogn og Fjordane har ein god del gardar låg produksjon, i tillegg til at den seine hausten skapar sine utfordringar.

– I tillegg til at avlingane er dårlege, er det òg sein og ujamn modning. Det er krevjande å få inn god kvalitet, for ein må hauste i mange omgangar for å få inn den frukta som heng på trea, seier Stavang.

Får økonomiske konsekvensar

Epleklase

UJAMN MODNING: Sein og ujamn modning skapar problem for innhaustinga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lenge var det frykta at fruktbøndene skulle få problem med å kome i mål med innhaustinga, men vart berga av ein varm september. I tillegg kan bøndene berge seg på å ha forskjellige sortar.

– Dei prøver så godt dei kan å ikkje ha berre ein kultur. Men at ein har fleire typar eple og gjerne plommer og kanskje morellar òg, som modnar til forskjellig tid. Er det ein av sortane som ikkje slår heilt til, så er det gjerne andre som held stand.

Men når året generelt blir dårleg, så får det konsekvensar for den enkelte bonden.

– Det går på økonomi. Når du får ei dårleg avling, så får du lågare inntekt, seier Stavang.