Cruisetrafikken til fylket har tatt seg opp dei siste åra. Og dette året vil fleire skip med turistar på lystreise leggje til kai enn nokon gong før. På hamna i Flåm er det alt no venta opp mot 130 anløp, mot 115 i fjorårssesongen.
- Slik som det ser ut no vert det ein auke på mellom ti og femten båtar, og det er veldig hyggeleg, seier driftleiar i Flåm Utvikling, Sivert Bakk.
Bakk trur at noko av årsaka er betre marknadsføring av Noreg og Vestlandet. - Dessutan er Flåm ein roleg del av verda, seier Bakk.
Også rekord i Olden
I cruisesesongen, som strekkjer seg frå byrjinga av mai til ut i september, er det òg venta rekordmange skipsanløp i Olden, fortel dagleg leiar i Nordfjord Service terminal, Aslak Lefdal.
Cruiseskipskaia i Olden har 56 anløp klare og fleire under arbeid. Dette er 13 meir enn i 2004.
Godt rykte
Lefdal trur mykje av den viktigaste marknadsføringa skjer gjennom jungeltelegrafen. Han rosar tilbodet dei reisande får når dei går i land i Olden, og trur ryktet om god behandling lokkar fleire cruiseskip til Nordfjord.