Hopp til innhold

Mot 95 millionar i underskot

Det ser ut til at Helse Førde går med 95 millionar i underskot i år

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten

Administrerande direkektør i Helse Førde, Jon Bolstad, må nok ein gong overfor styret forklare kvifor han ikkje klarar å halde budsjettet. Til venstre viseadministrerande direktør Vidar Vie og til høgre styreleiar Clara Øberg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Helse Førde fekk løyve frå Helse Vest til å gå med eit underskot på 40 millionar kroner i budsjettet for 2009. No ser det altså ut til at beløpet vert mykje høgare.

Ved utgangen av juli var resultatet 25,1 millionar kroner svakare enn budsjettet.

At Helse Førde ser ut til å gå på ein ny stor økonomisk smell forklarar administrasjonen med høgare lønskostnader og kraftig auke i andre driftsutgifter.

Dei blodraude tala får styret i Helse Førde presentert på møte førstkommande fredag.