Hopp til innhold

Mormors hage er den finaste hagen

I sommar har vi hatt ein konkurranse der vi skulle kåre den finaste eller mest spesielle hagen i Sogn og Fjordane. No har vi funne vinnaren.

Også tre andre hagar blir premierte. Juryen bestod av Margrethe Henden Aaraas, Solveig Andersen og Heidi Lise Bakke.

1. plass: Mormors hage på Sandane

Hage på Sandane

Det er barnebarnet Karoline M. Helgheim som har sendt inn bileta frå mormors hage. Ho fortel at det er omlag 50 forskjellige rosetyper, frukt og grønt. - Det er nesten ein privat park og skikkeleg idyll.

Foto: Karoline M. Helgheim

Grunngjeving: Mormors hage er ein blandig av ein gamal frukthage og frodige blomsterbed. Hagen ligg fint til på Sandane med utsikt mot Gloppenfjorden. Juryen meiner at hagen til Solfrid Helgheim er den finaste av dei 13 innsendte bidraga.

2. plass: Monet-hagen på Bryggja

Hagen til Eva Hagen

I hagen er det mellom anna ei Monet-liknande bru.

Foto: Eva Hagen

Grunngjeving: Hagen er inndelt i fleire rom. Den har ein naturleg dam med ei bru over, ein fint mura utepeis og eit lysthus som er i bruk heile året.

Delt 3. plass: Englehagen og Skulpturhagen

Dette er to hagar med spesielle detaljar. Juryen kom fram til ein delt tredjeplass til dei to personlege hagane til Elvira Mariano Lindskog og familien Johanna og Gunnar Nygjerd.

Englehagen i Høyanger

Hagen til Elvira Mariano Lindskog i Høyanger

Englane ønskjer velkommen inn i hagen til Elvira M. Lindskog.

Foto: Elvira Mariano Lindskog

Grunngjeving: Hagen har eit romantisk preg og representerer det nye i tida. Det er mykje detaljar, lyst og mykje pynt. Verandaen er innreia som ei stove. Hagen er original og fantasifull.

Skulpturhagen i Olden

Hagen til Johanna og Gunnar Nygjerd

I hagen i Olden finn ein mellom anna St. Sunniva.

Foto: Katrine Nygjerd Moan

Grunngjeving: Dette er ein heilt spesiell hage som inneheld 70 ulike, sjølvlaga skulpturar. Her finn vi mellom anna St. Sunniva-figuren, detaljar frå Selje kloster og fargerike mosaikkbilete.

I biletgalleriet øvst på sida, finn du fleire bilete av vinnarhagane.