Han vil gjerne overta Nordfjord om Sogn og Fjordane blir lagt ned som eige fylke

Dersom Sogn og Fjordane fylke blir nedlagt, er det naturleg at Nordfjord blir innlemma i Møre og Romsdal.

Jon Aasen

TEK GJERNE IMOT NORDFJORD: Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal kjenner seg i slekt med nordfjordingane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det meiner Jon Aasen, fylkesordførar for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.

I ein fersk forskingsrapport blir det konkludert med at Sogn og Fjordane har for få innbyggjarar til å halde fram som eige fylke. Det er naturleg at nordfjordingane ser mot Møre og Romsdal, meiner Aasen.

– Det store spørsmålet er: Kva vil Nordfjord? Vil heile Nordfjord eller delar av Nordfjord gå nordover? Eg trur iallfall at nordsida av Nordfjorden går nordover, seier han.

Med i underkant av 110.000 innbyggjarar er vi for få i Sogn og Fjordane til å kunne halde fram som eige fylke, er konklusjonen i ein fersk rapport utarbeidd av Møreforsking. Kvart fylke bør ha minst 200.000 innbyggjarar, heiter det.

– Muskeloppbygging

Rapporten er bestilt av den blå regjeringa som ein lekk i prosessen med å teikne nye kommune- og fylkeskart. Med i overkant av 30.000 innbyggjarar vil Nordfjord bli eit viktig tilskot til det eksisterande Møre og Romsdal, seier Aasen.

– Det vil bety ei muskeloppbygging av det nye fylket. I dag er vi 265.000 innbyggjarar. Om vi plussar på 30.000 er vi rundt 300.000 innbyggjarar. Då er vi like store som Sør-Trøndelag er i dag, og atskillig større enn nesten alle andre fylke.

– Og namnet på det nye fylket kan bli Møre, Romsdal og Nordfjord, då kanskje?

– Ja, for eksempel. Eller noko heilt anna.

Vil ikkje dele opp Sogn og Fjordane

Fylkesordførar Ashild Kjelsnes i Sogn og Fjordane,har ikkje sans for forslaget frå kollegaen og partifellen frå Møre og Romsdal.

– Nei, å dele opp Sogn og Fjordane har eg ikkje sans for.

(Artikkelen held fram under biletet).

Åshild Kjelsnes

VIL IKKJE DELE SOGN OG FJORDANE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i Sogn og Fjordane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Kjelsnes meiner det ar altfor mykje fokus på folketal, og at Sogn og Fjordane har det som skal til for å halde fram som eige fylke.

– Ei ulukke

Men skulle Stortinget tvinge gjennom at Sogn og Fjordane må leggjast ned, ser Kjelsnes for seg eit felles fylke som vil innehalde dagens Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Dersom det skulle bli slik at det ikkje ligg til rette for at Sogn og Fjordane kan gå vidare åleine så meiner eg det er veldig viktig at vi ikkje blir etne opp utanfrå, at vi blir delte. Det meiner eg vil vere ei ulukke for dei innbyggjarane som høyrer til i dette geografiske området.

– Kvifor vil det vere ei ulukke?

– Då blir dei miljøa som er der splitta opp, og ein får ikkje sjanse til å byggje vidare på dei styrkane vi har. Det er uomtvisteleg at det ligg geografisk plassert midt på Vestlandet, og då burde Sogn og Fjordane vere eit i midten av ein eventuelt større region dersom vi ikkje kan stå åleine.

– Men då kan kanskje Leikanger halde fram som fylkeshovudstad for heile Vestlandet?

– Ja, det kunne vore ein kongstanke. Det som er viktig sett frå min ståstad er at ein manøvrerer seg slik at det blir best mogeleg for dei innbyggjarane som høyrer til det som i dag er Sogn og Fjordane, og som eg håpar framleis skal vere det.

– Kjenner oss i slekt

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal peikar på at det er nordfjordingane sjølve som må bestemme kvar dei vil høyre til, men slår fast at nordfjordingar og sunnmøringar har mykje til felles.

– Vi kjenner oss veldig i slekt. Eg kjem frå Vanylven, og omtrent heile slekta mi kjem frå Sogn og Fjordane, så eg er vel ikkje representativ, men eg har store og gode kjensler for Nordfjord.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.