Hopp til innhold

Høyr morgonsending frå dagsturhytta i Årdal

Programleiarane ofrar ei natt ute i kulde og regn for å kunne sende frå 245 moh. på morgonkvisten.

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle

NATT UTE: – Vi skal overnatte i sovepose på Moakamben i Årdal slik at vi er klare til sending frå dagsturhytta fredag morgon, seier Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle som gler seg til sendinga.

Foto: Privat

På fredag sender vi direkte frå dagsturhytta i Årdal frå klokka 0603 på P1. Dette er ein av 19 slike hytter som no er på plass.

– Her blir masse fine gjester på plass i vårt naturlege studio ute på Moakamben, seier programleiarane Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro.

Dei to skal flytte heile morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane ut i det fri til dagsturhytta på 245 moh.

Programleiarane har pakka varme kle og soveposar for å overnatte ute for å vere klare klokka 06:03.

Musikk i naturen

Om ikkje lenge skal alle kommunane i Sogn og Fjordane ha ei dagsturhytte. Dei har som mål å få fleire ut og bruke naturen vår.

Primus motor for prosjektet med dagsturhyttene, Atle Skrede, er fredagsgjest i sendinga. Han er rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har saman med Sparebankstiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane gjort det mogeleg å få ei dagsturhytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane.

– Vi får også besøk av varaordføraren som skal opne dagsturhytta. Vi får musikarane i Good Time Charlie til vårt naturlege studio på Moakamben, og Kulturskulen i Årdal skal også bidra musikalsk, seier Takle.

Mange gjestar

Stian Sjursen Takle

MYKJE UTSTYR: Stian Sjursen Takle riggar til sendinga.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Dagsturhytta i Årdal er allereie godt besøkt og eit populært innslag i bygda. Gålaget i bygda er gjester og det same er Klatregruppa som har brukt området flittig den siste tida.

Alle dagsturhyttene blir også utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden for å stimulere til lesing, så vi skal ha med ein bibliotekar som kan seie noko om bruken av bøkene.

– Vi håpar alle årdølar som allereie har blitt glade i Dagsturhytta, eller som skal ha seg ein trimtur på morgonkvisten tar seg ein tur på Moakamben under sendinga. Vi vil gjerne ha selskap, seier Skovro.

Desse skal vere gjestar:

  • Atle Skrede. Han er opphavsmannen til hyttene
  • Pål Fidjestøl, som er leiar i Sparebankstiftinga
  • Fungerande Årdal-ordførar Sandra Opheim
  • Torunn Laberg skal lage turfrukost
  • Arne Olav Nordgulen skal prate om friluftslivet i Årdal
  • Musikalske innslag med mellom anna Verdsmannen

Her kan du høyre sendinga frå klokka 06:03: