NRK Meny

Morgonflyet er kansellert

Morgonflyet Sandane-Sogndal-Oslo, som skulle gå klokka 06.23 frå Sandane og klokka 06.53 frå Sogndal er innstilt, melder Avinor ifølge Sogn Avis. Hjå Sandane lufthamn Anda, får NRK opplyst at flyet ikkje går grunna tekniske årsaker. Flyet vart ståande att på Haukåsen i går kveld. Passasjerane er sendt vidare med drosje.