Sjå bilete av etterforskinga og brannsløkkinga
Nils Erik Eggen
Det stadfestar politiadvokat Magnar Austerheim søndag kveld. Men han understrekar at politiet held oppe siktinga mot 41-åringen.
- Åstaden og sikta sin bustad er også sikra, slik at faren for at bevis skal bli øydelagde er marginal, seier Austerheim.
Letta
- Den sikta 41-åringen ga klart uttrykk for at han er letta då han vart sett fri, seier forsvararen hans, Walter Høivik. 41-åringen vert no teken hand om av familien. Han får også tilbod om profesjonell hjelp fordi fengslinga har gått sterkt innpå han.
Høivik seier at det var det einaste rette å sette 41-åringen fri.
- Politiet har ikkje haldepunkt for å påstå at han har vore på åstaden i det aktuelle tidsrommet. Vilkåra for å krevje fengsling er difor ikkje oppfylte, og det er vel det politiet no har konstatert, seier forsvararen.
Overraska
Forsvarar Walter Høivik
- Eg har vel gitt uttrykk for at eg har meint at grunnlaget for siktinga var for tynt. Men eg hadde likevel venta eit krav om varetektsfengsling, så slik sett var avgjerda til politiet søndag kveld overraskande, seier Høivik.
Reknar du med at politiet vil fråfalle siktinga måndag?
- Nei ut frå min kjennskap til straffesaker og etterforskinga av slike, vil dei nok vente til etterforskinga er ferdig.
Etterforskinga avgjer
- Politiet sin førsteprioritet er no å halde fram etterforskinga med stort trykk, slik at vi kan få avklart om mistanken mot 41-åringen er styrka eller svekka, seier politiadvokat Magnar Austerheim.
- Syner det seg at mistanken blir styrka, vil det naturlegvis igjen bli vurdert å krevje varetektsfengsling av 41-åringen, seier Austerheim.