Hopp til innhold

Mora til sakna Per-Arne (35) fortvilar: – Noko er heilt gale

Familien til Per-Arne Hestenes, som har vore sakna sidan førre laurdag, går frå håp til frykt for det triste som kan møte dei.

Per-Arne Hestenes er sakna i Gloppen

SAKNA: Per-Arne Hestenes (35) er sakna i Gloppen. Ingen har sett han sidan laurdag 8. november, og mora seier ho er redd noko er heilt gale.

Foto: NRK/Privat

– Det eg i alle fall veit er at noko er heilt gale, då guten min alltid ville ha kontakta meg ganske kjapt viss han hadde kunna. Vi har eit svært tett og godt forhold, så dette forstår eg ikkje, skriv mora til Per-Arne Hestenes, Kirsti Sørland, i ein SMS til NRK.

Per-Arne Hestenes har vore sakna sidan natt til laurdag 8. november, då han var involvert i ei utforkøyring ved Øvreset-svingen på Breim.

– God trøyst i vanskeleg tid

Det har vore gjennomført omfattande leiteaksjonar i området. Mellom 30 og 60 personar frå Røde Kors, Norske Redningshundar, og ikkje minst frivillige frå Breim gjekk manngard og deltok i leitinga etter den sakna 35-åringen på søndag.

– Det er godt at mange bryr seg. Det er ei god trøyst i denne vanskelege tida, skriv mor Kirsti Sørland.

Ho fortel at det er ei tung tid der tankane går frå håp til det triste som kan møte familien.

Leitinga har først og fremst konsentrert seg om området frå Øvreset mot Reed. Det er søkt frå Bergheimsvatnet og ned til Reed. Dei har leita i Breimsvatnet med båt frå Raude Kors. Så langt utan resultat.

– Vi står framleis utan spor og ber om tips. Når folk forsvinn slik og vi ikkje har spor, er vi heilt avhengige av hjelp. Dersom nokon veit noko om Per-Arne Hestenes må dei kome og fortelje det, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset

(Artikkelen held fram under videoen)

I Gloppen har store letemannskaper i dag lett etter 35 år gamle Per-Arne Hestenes. Han har vært savnet siden et trafikkuhell sist helg. Da politiet kom til stedet hadde han forlatt bilen. De fikk kontakt med han på telefon men siden har ingen sett han.

Foto og redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

Vil gå gjennom ting på nytt

Politiet gjorde måndag føremiddag opp status. No vil dei bruke alle dei har på Gloppen lensmannskontor, men i tillegg nytte mannskap frå kontor som ligg nær, for å gå gjennom saka frå starten.

– Vi er nøydde til å gå gjennom alle opplysningar i saka, vi er nøydde til å gå gjennom alle tips vi har fått inn, vi er nøydde til å snakke med dei vi har avhøyrt tidlegare. Vi må sjå om det er detaljar vi har oversett, seier lensmann Roset.

Han avviser at dei opp til dette tidspunktet hadde trengt hjelp utanfrå.

Opplysningar vi har fått inn må analyserast nøye. Det gjer vi enklast sjølve. Vi dreg vekslar på heile politidistriktet. Dersom vi treng spesialkompetanse får vi det. Det har vi i Sogn og Fjordane.

Eit mysterium

Sjølve utforkøyringa skjedde midt på natta. Lensmannen understrekar at Hestenes ikkje har noko å frykte.

– Det ingen grunn til at han skulle gøyme seg eller noko slikt. Grunnen til at vi har leita i området der ulukka skjedde, er moglegheita for at han har gått frå staden og falle og slått seg i skogen, seier Roset.

Alt tyder på at politiet er dei siste som har vore i kontakt med Hestenes, då dei snakka med han på telefon like etter ulukka.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

LENSMANN: Nils Ove Roset.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi snakka med han, og han fortalde at han var uskadd. Men han hadde ikkje noko interesse av å snakke med politiet då. Vi ville snakke meir med han for å finne ut korleis han hadde det og kvifor han stakk frå plassen, seier Roset.

Det siste vitnet som såg Per-Arne Hestenes var venen hans som var med i bilen under utforkøyringa.

– Han seier at Hestenes gjekk frå staden og såg uskadd ut, seier lensmannen, som seier saka er vanskeleg, og at dei gjer alt dei kan for å finne Hestenes.

Trur ikkje noko kriminelt har skjedd

Tekniske spor er følgde opp så godt det let seg gjere, og det er heller ikkje funne gjenstandar som gjev signal om at 35-åringen har gått eller vore i området.

– Vi har sjekka trafikk på alle dei elektroniske stadane han kan ha lagt att spor, seier Roset.

Han seier politiet behandlar dette som ei forsvinningssak.

– Vi har ingen grunn til å at det har skjedd noko kriminelt, ingen opplysningar som peikar i den retninga, seier lensmannen.