Hopp til innhold

Mora til Norvald var tolv då ho vart gravid med han etter ei valdtekt

SØRBØVÅG (NRK): Den kjente dramatikaren Norvald Tveit måtte bikke 90 før han tore å skrive om oppveksten som son av ei som hadde blitt valdteken som 12-åring.

Norvald Tveit

FORFATTAR: Norvald Tveit i leilegheita si ved omsorgssenteret i Sørbøvåg.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Eit lite spedbarn ligg i armane til bestemora si medan bestefaren til guten ror færingen deira over Bøfjorden i ytre Sogn.

Mora til spedbarnet vart gravid etter ei valdtekt då ho var tolv. No skulle barnet hennar få ein ny familie.

Det skulle gå mange år før Norvald Tveit fekk vite kor han eigentleg kom frå.

Familien Tveit avbilda i 1930. Fosterfar Nils Tveit held Norvald på armen, fostermor Østine Tveit står til venstre i biletet.

TVEIT-FAMILIEN: Fosterfar Nils Tveit held Norvald på armen. Fostermor Østine Tveit står til venstre i biletet som vart tatt i 1930.

Foto: Privat

92 år seinare sit han omkransa av «blå englar» på omsorgssenteret i Sørbøvåg. Hjelpepleiarane ber inn 60 ekstra stolar til daglegstova.

Forfattaren signerer bøker for harde livet. Han må skru høyreapparatet kraftig ned for å døyve lyden av kaffislabberas og latter rundt seg.

Sambygdingane er der for å heidre han under lanseringa av det som kanskje vert hans siste bok.

Hyllestad i Sogn gjekk "mann av huse" då Nordvald Tveit slepte si nye bok.

BOKSLEPP: Over seksti personar møtte opp då Tveit slapp si nye bok i daglegstova på omsorgssenteret der han bur.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Dagen deretter

Morgonen etter boksleppet skal NRK eigentleg følgje Tveit heim til skrivestova hans eit stykke frå omsorgssenteret. Slik vert det ikkje. Langs veggen på rommet hans heng det plakatar frå teaterstykke og musikalar han har skrive.

– Sterk kaffi og ein feit pris er ei god trøyst for ein gammal mann, seier han og ler.

Tveit lener seg berrføtt tilbake i stolen.

– Eg er for sliten til å køyre bil i dag. Vi kan heller ta eit «etter ein rangel» intervju, seier han.

Norvald Tveit heime i leilegheita på Hyllestad

KUNSTNARBUSTAD: Norvald i leilegheita si ved omsorgssenteret i Sørbøvåg.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Forfattaren var 50 år då det første teaterstykket hans vart sett opp. Han skriv framleis. I dag er han kanskje mest kjend som manusforfattar bak TV-suksessen «Vestavind».

Tveit har alltid henta inspirasjon til fiksjonen frå oppveksten og heimbygda. Dei siste åra har han fått mot til å skrive om dei vonde tinga i sitt eige liv.

– Eg er så gammal at eg kan skrive og seie det eg vil utan å ta omsyn, seier Tveit og smiler lurt.

Nordvald Tveit signerar eit eksemplar av den nye boka si.

SIGNERING: Tveit måtte signere fleire titals kopiar av si nye bok under boksleppet.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Sanninga

Tveit har alltid vore «stor i kjeften». Då han var elleve ferska mora guten i å vitse om ein slektning som vart fødd utanfor ekteskap. Først lo ho, så vart ho redd for at vitsinga skulle føre til at nokon fortalde han om kven den eigentlege mora hans var.

Det var på tide å fortelje han om jenta på den andre sida av fjorden.

– Ho sa det var for fælt å snakke om korleis, men eg forstod at det var snakk om ei valdtekt.

– Det gav meg store kompleks i resten av oppveksten. Eg såg for meg at far min var ein slags omreisande banditt.

Nokre år seinare fekk Tveit høyre heile historia. Den då tolv år gamle jenta hadde blitt gravid etter at to eldre ungdommar frå nærmiljøet valdtok ho.

Norvald og mora vart ikkje kjent med kvarandre før seinare i livet.

Fekk gjennombrotet etter ein rangel

Fram til han var 50 livnærte Norvald seg som lærar, forfattar og journalist i heimfylket. Han sleit framleis med traume frå barndommen.

– Det var nok den indre smerta som gjorde dramatikar ut av meg. Eg hadde mykje konflikt i sjela, og teater handlar stort sett om å formidle slikt, seier han.

På ein fuktig kveld i Bergen vart han ven med sjølvaste Toralv Maurstad.

Tveit møtte Toralv Maurstad (til h.) på ein fuktig fest heime med skodespelaren Jon Eikemo (til v.)

ROTBLAUTE MED MAURSTAD: På 70-talet møtte Tveit Toralv Maurstad (til h.) på ein fest heime med skodespelar Jon Eikemo (til v.) i Bergen.

Foto: Privat

– Vi enda på ein fest, og det vart livleg. Då eg vakna dagen etter fann eg ut at eg hadde kjøpt tre skodespel av Norvald kvelden før, fortel Maurstad.

Eit av teaterstykka han kjøpte var «Splint» som vart ein kjempesuksess over heile landet. Seinare skulle Tveit vinne Ibsenprisen og Kongens fortenestemedalje i gull for forteljingane sine.

– Teatermiljøet vart ein stad kor eg følte meg heime. Mange i teatermiljøet på den tida hadde det vanskeleg. På scena fekk vi utløp for kjenslene.

Norvald (til h.) saman med Eli Anne Linnestad og Barhold Halle etter premieren på "West Land Story" på Oslo Nye.

PREMIERE: Norvald (til h.) saman med instruktør Barthold Halle og skodespelar Eli Anne Linnestad etter premieren på «West Land Story».

Foto: Privat / NRK

Aldri for seint for forsoning

Først då Norvald passerte 80 fann han og den biologiske mora hans tilbake til kvarandre.

– Vi vart gode venar dei siste åra ho levde. Vi prata sjeldan om det vonde, men ein gong fortalde ho meg at ho som ungdom drøymde om å halde rundt meg, medan ho gret til ho gjekk tom for tårer.

Både mor og son fekk forsoning med fortida i møtet med den andre. Humor og sjølvironi vart ei bru mellom dei.

– Ho spøkte stadig med at det måtte vere fælt å få ei mor som er så skrukkete som ho. Då spøka eg tilbake med at ho som har ein son på åtti år burde vere såpass rynkete.

– Det ville ho ikkje kunne ledd av med nokon andre enn meg.