Hopp til innhold

Mor til Charlotte kontakta synske

Mor til Charlotte Moene, Ingegerd, fekk ro og håp etter at ho kontakta synske personar.

Ingegerd Moene vona at dei synske skulle kaste lys over saka.

- Eg har fått verdifull informasjon som har gjeve meg ei viss ro og eit visst håp, men utover det ynskjer eg ikkje å seie noko meir om kva desse personane seier, fortel ho til Sogn Avis.

- Heilt uforståeleg

Charlotte skulle måndag til besteforeldra klokka 12. Saman skulle dei austover mot hytta på Finnskogen, der dei skulle møte resten av familien. Bagen står framleis ferdig pakka i heimen hennar, medan Charlotte har reist utan noko anna enn mobiltelefonen og dei kleda som er skildra i etterlysninga. Heller ikkje astmamedisinen har ho teke med seg.

- Eg kan berre ikkje skjøne kva som kan ha skjedd her. Charlotte er ei særs pliktoppfyllande og veldig grei jente som aldri før har brote ein avtale på ein slik måte. Det liknar henne rett og slett ikkje, seier mor til Charlotte Moene, Ingegerd, til Sogn Avis.

Alle vil hjelpe

Leitemannskap søkjer etter 17 år gamle Charlotte Moene i Årdal.

Kring 70 har bidrege i leiteaksjonen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

 

Mor til Charlotte er imponert over kor stor vilje folk syner til å hjelpe til med å finne Charlotte. Tysdag var pågangen så stor at folk måtte sendast heim.

- Det har dukka opp fleire her som eg aldri venta å sjå. Det betyr sjølvsagt veldig mykje for oss, seier Ingegerd til Sogn Avis og oppmodar folk om å tenke seg om ein ekstra gong, berre i tilfelle dei skulle sitte inne med opplysningar som kan hjelpe dei i å finne 17 år gamle Charlotte.

Ynskjer tips

Den sakna reiste frå heimen kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Foreldra melde henne sakna klokka 15.30 same dag.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Charlotte Moene

Charlotte Moene forsvann måndag føremiddag.

Foto: Politi / NRK

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.