NRK Meny
Normal

Mor takksam for pågriping av sonen

For halvannan år sidan vart ungdomen hennar pågripen under ein narkotikaaksjon. No takkar ho politiet.

Nyleg fekk lensmannskontoret i Sogndal ein orkide på døra. Avsendar var ei mor som takka politiet for pågripinga av sonen hennar.

- Det spesielle her er at det er ei så sterk takk frå ei mor som hadde ungdom som var narkoman, og der ungdomen og mora vedgår at politiet si pågriping var direkte årsaka til at ungdomen valde å sjå nytt på livet og moglegheitene, i staden for det livet han hamna oppe i, fortel lensmann Jan Tore Thue.

- Svært gledeleg

Jan-Tore Thue

Lensmann i Sogndal, Jan Tore Thue.

Foto: Arne Eithun / NRK

Lensmannen i Sogndal seier dei av og til får tilbakemelding og takk frå føresette som har hatt sine håpefulle i det narkotiske miljøet.

- Og det er svært gledeleg, seier han. Meir gledeleg er det når rusmisbrukarane nyttar pågripinga til å ta steget ut av narkotikabruken. Slik ungdomen i midtre Sogn gjorde.

Kutta med miljøet

For pågripinga for halvannan år sidan, fekk han til å tenke og reflektere over livet. Noko som igjen gjorde at han kutta med narkotikamiljøet.

- Og det er kjempeflott. Dette er ein blome vi deler med alle som har fokus på dette med å bekjempe narkotika. Det er mange på bana, og dette viser at det nyttar. Og det skal vi glede oss over, held Thue fram.

- Vi må rettleie

Politiet gjennomfører årleg fleire aksjonar mot ungdomar og det narkotiske miljø.

- Vi har fleire slike aksjonsretta innsatsar der vi tek fleire ungdomar, gjerne i ein tidleg fase av å teste ut narkotika. Då er det viktig at vi er på bana og får gjort dei rette handgrepa. Det gjeld også i høve ungdomar som i fritida nyttar alkohol og som hamnar i klammeri. Vi må gripe inn og rettleie, seier Thue.

Blir sett pris på

Kring 250 vaksne personar er med som nattugler og gjer sentrum tryggare på onsdagskveldar og i helgar. Ei stor ungdomsgransking viser også at ungdomane i Midtre Sogn tek stor motstand frå narkotika.

- Samstundes må vi erkjenne at faren ligg her og lurer, og den må vi heile tida vere på vakt mot. Mi erfaring er at foreldre set pris på at vi er tilstades og får sett stoggar for det, seier lensmannen. Men det er ikkje alle som rettar ei so sterk takk som med ein blome til lensmannskontoret.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser