Brannen i huset vart oppdaga like før klokka åtte i dag tidleg, då mora vakna av røyklukt og at ein gjenstand fall i golvet. Ho fekk ut seg sjølv og to av borna, og varsla naboar som hjalp henne med å få ut det tredje barnet.
Ulmebrann
- Brannen var ein såkalla ulmebrann, og huset er totalskadd av røyk og vatn, fortel politibetjent Espen Gulliksen.
- Det kan sjå ut som om det er eit elektrisk apparat som har teke fyr, seier han.
Familien i huset er fysisk uskadde, og har vore til legesjekk.