Hopp til innhold

Mor og son på kvar si side på KrF-landsmøtet

Mor Trude Brosvik og son Torbjørn Brosvik var begge med på skjebnemøtet til Kristeleg Folkeparti, men gjekk kvar sin veg.

Torbjørn og Trude Brosvik på KrF-landsmøte

EINIG OM Å VERE UEINIG: Torbjørn og Trude Brosvik er begge glad i KrF. Men dei er heilt ueinige om kva veg partiet skal velje i politikken.

Foto: Privat

– Det var ei delt glede å sjå sonen min igjen i dag, seier Trude Brosvik spøkefullt.

Det er likevel fullt alvor på landsmøtet til KrF fredag, og det er også alvor i at dei to familiemedlemmane er rykande ueinige i kva retning partiet dei er så glad i bør ta framover. Partiet bestemte seg fredag for å gå mot høgre.

– Det var ei dårleg avgjerd. Eg synest det er forferdeleg at vi bryt vallovnaden vår om å ikkje gå inn i regjering med Frp, seier Brosvik.

– For meg er det viktig å sjå på dei sakene der vi faktisk har fått gjennomslag dei siste fem åra. Det tyder på at det er mykje å hente på høgresida framover, seier Torbjørn Brosvik, delegat for Hordaland KrF på landsmøtet.

– No får eg svi for fri oppdragelse

Han er ikkje i tvil om at KrF bør gå inn i dagens regjering. Mor hans er slett ikkje einig.

– Eg synest ikkje gjennomslaga våre med dagens regjering er så imponerande. Å gå i regjering med Frp ville vore eit alvorleg løftebrot, seier Trude Brosvik, delegat for Sogn og Fjordane KrF på landsmøtet.

Avstanden mellom dei to i familien Brosvik illustrerer kanskje korleis to lokalpolitikarar i KrF kan ha ei total ulik verkelegheitsoppfatning, sjølv om dei kjempar for det same partiet.

Mor og son Brosvik påstår at stemninga framleis er god i familien deira. Når dei får spørsmål om korleis dette går ut over familieidyllen, pratar dei to i munnen på kvarandre.

Begge ler, og så fortel Torbjørn:

– Dette er slik det brukar å vere rundt kjøkenbordet vårt. Når eg pratar med mor mi er det veldig mykje politikk det går i, så dette er heilt normalt, seier Torbjørn Brosvik.

– Ja, no får eg svi for «fri oppdragelse», ler Trude Brosvik.

Trude brosvik

ALVORLEG LØFTEBROT: Trude Brosvik seier det vil vere eit alvorleg løftebrot å gå i regjering med Frp.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK

Trur partiet kan kome styrka ut av avgjerda

Fleire aktive i KrF har frykta korleis det går med samhaldet i partiet etter den opprivande prosessen dei no har lagt bak seg.

Begge dei to Brosvik-delegatane er samde om at det skal gå bra med både familien og partiet uansett kva avgjerd ein landar på fredag.

– Eg trur faktisk partiet kan kome styrke ut av dette. Mange har lurt på kva retning KrF skal ta, og no treng ikkje folk å lure på det meir, seier Torbjørn Brosvik.

Torbjørn Brosvik

VIL TIL HØGRE: Torbjørn Brosvik meiner partiet har mykje å hente på høgresida framover.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK