Politiet opplyser i ettermiddag at dei har funne to omkomne personar på branntomta i Florø. Politistasjonssjef Nils Erik Eggen seier det truleg er den 37 år gamle kvinna og den ni år gamle sonen hennar dei har funne.
Kripos til Florø
- Vi etterforskar no saka, og vi har fått bistand av tekniske og taktiske etterforskarar frå Kripos, seier han. Politiet får og hjelp av tre personar frå lensmannskontoret i Førde.
Huset var overtent då brannmannskapa kom. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Dramatisk brann
Brannen vart meldt fem over fire i natt. Det var ein dramatisk brann som utvikla seg fort, og huset var heilt overtent då brannmannskapa kom fram til staden.
Evakuerte nabohusa
Eit trettitals personar i nabolaget vart i morgontimane evakuerte på grunn av faren for at brannen skulle spreie seg. Dei aller fleste evakuerte har no flytta heim igjen. - Men nabohuset er skada, så det er ikkje aktuelt at dei flyttar heim enno, seier Eggen.
- Makteslause og fortvila
Ein av dei som raskt kom til staden var nabo Rune Olsbø. - Vi føler oss makteslause og fortvila, sier han. Han kjende godt dei som budde i huset. Sonen hans går i same klasse på Krokane skule som guten som er omkommen i brannen.
Samling på skulen
I natt samla dei evakuerte seg på Krokane skule som ligg rett ved branntomta. Der fekk rektor Vidar Nupen ein tøff jobb med å ta imot både skuleelevar og vaksne som vart evakuerte. I dag har elevane vore samla, og rektor seier dei vil prøve å hjelpe elevane på skulen.
- Det er betre at dei er her på skulen med oss vaksne for å få bearbeide reaksjonane sine. Vi har også tilgang til ekstra fagfolk om nokre har behov for det, seier han.
Foto: Merete Husmo Høidal, NRK