Hopp til innhold

Mor og son narkodømde

Den 35 år gamle strynemannen som stod tiltalt i den største narkosaka i fylket får 6 og eit halvt års fengsel for kjøp, oppbevaring og sal av 3,5 kg amfetamin.

Forsvarar til hovudtiltalte Jørgen Riple.

Foto: Forsvarar til hovudtiltalte, Jørgen Riple.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også mora til den tiltalte strynemannen er dømd for medverknad til sal av amfetamin.

Ho er dømd til 420 timars samfunnsstraff, i tråd med påstanden frå aktor.

Mora visste alt

Aktor la vekt på at mora måtte ha kjennskap til sonen sin aktivitet etter at han vart dømd for narkosal i 2005. Han vedgjekk då salet, men lova mor si at han skulle slutte. Same hausten budde dei i same hus, og aktor Knut Broberg meinte at frå det tidspunktet smeltar verdene deira saman.

Han meinte at frå det tidspunktet er mora med på å gjere salet av amfetaminen tryggare. Ifølgje aktor held ho oppsikt med politiet på politiradio og med kikkert, i tillegg til å gi rapportar til sonen når det skjer noko.

- Å bu med tiltalte var som å vere i eit trekantforhold. Mora visste alt. Ho visste sikkert når vi hadde hatt sex òg, forklarte ein tidlegare sambuar av den hovudtiltalte mannen i retten.  

Mora skal òg ha lagt sprøytespissar i postkassar og ha tatt imot beskjedar frå sonen.