Hopp til innhold

Mor og dotter rømde frå ras

Kari Marie Nordeide og dottera Ingvild Tjugum måtte seint måndag kveld rømme frå eit jord- og steinras i Høyanger.

Kari Marie Nordeide og Ingvild Tjugum
Foto: Privat

Ingvild Tjugum var akkurat komme seg inn i huset i Høyanger, då ho og mor hennar høyrde det kome eit ras mot huset:

Dei to reagerte raskt, tok på seg skoa og kom seg ut av huset så raskt dei kunne.

Fekk varsla naboar

- Først trudde eg at det var eit nytt vindkast som slo mot huset vårt, men mamma kjende att lyden frå eit tidlegare ras i området. Vi kom oss ut, fekk varsla eit par andre familier på vegen og la på sprang, fortel Ingvild Tjugum til NRK.no.

Til alt hell er det ikkje meldt om at hus vart teken av raset som ser ut til å ha stoppa like ovanfor busetnaden i bustadområdet Sandvika, like vest for Høyanger sentrum.

HØYR INTERVJUET HER:

Høyr Ingvild fortelje om raset i Høyanger

Evakuerer 50-70 personar

Høyanger kommune har etablert krisestab, og er saman med sivilforsvar og brannvesen i gang med å evakuere omlag 50-70 personar frå det Sandvika i Høyanger.

Kari Marie Nordeide og Ingvild Tjugum har no flytta inn hjå familie på ein trygg stad i Høyanger sentrum.

– Vi må bli her i natt. Det er skremmande, og eg har mest lyst å ikkje vere i Høyanger lenger. Men eg har vel ikkje noko val, seier Tjugum.

Plasserer evakuerte på hotell

Dei to har no meldt seg på rådhuset i Høyanger. Der vert alle dei evakuerte i industribygda registert.

– Vi har rekvirert så mange hotellrom vi har klart frå hotella i Høyanger, og vil plassere dei evakuerte der, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger.

– No jobbar vi for å få alle i tryggleik og skaffe oss oversikt over situasjonen, seier han.

Heile tettstaden er isolert

Samstundes er heile Høyanger tettstad med sine om lag 2300 innbygjarar avskoren frå omverda.

– Det har gått to jord og steinras som sperrar fylkesveg 50 i Lånefjorden i retning austover mot Balestrand. I tillegg har det gått ras ved Bergselvane, like vest for Nordeide. Dette stengjer dermed vegen vestover frå Høyanger, seier Sortland.

Ordføraren forsikrar om at alle førehandsreglar blir tatt.

– Kommunen sin kriseberedskap er sett i verk. Vi har vore samla på rådhuset sidan klokka 20.45 i kveld. Vi har sett i gang politi, brannvesen og kommunen sin beredskapstropp og Hydro. Så no er det full utrykking i Høyanger, seier ordføraren.

Problem fleire stader

Også i Jølster er fire familiar evakuerte etter at eit stort jordskred gjekk nær busetnaden på Ålhus. Og heile Årdal kommune i Indre Sogn med sine over 5000 innbyggjarar er natt til tysdag utan vegsamband med omverda.