Dei to blei kritisk skadde i brannen og frakta til Haukeland Universitetssjukehus med helikopter.
– Mora døydde tysdag kveld og barnet døydde i dag tidleg, seier lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Blei berga ut av naboar
Det var måndag ettermiddag at politi og brannvesen fekk melding om brannen i huset kalla Mølla på Steinen i Førde. Det byrja å brenne i hovudetasjen i det treetasjes huset.
Kvinna og sonen hennar blei raskt berga ut av naboar som kom til og brannen blei sløkt etter ti minutt.
Dei to hardt skadde fekk alvorlege brannskadar og blei sende frå Førde sentralsjukehus til brannskadeavdelinga ved Haukeland. Tilstanden har heile tida vore kritisk, og livet stod ikkje til å redde.
Fleire personar blei lettare skadde i samband med redningsarbeidet og måtte til behandling på sjukehus.
- LES OGSÅ:
Veit enno ikkje årsaka
Det bur 27 asylsøkjarar frå forskjellige nasjonar i huset som inneheld fleire leilegheiter. Dei blei evakuerte til andre stader i Førde.
Kriminalteknikarar har jobba på staden for å finne ut kva som kan ha starta brannen. Politiet etterforskar også saka taktisk.
Lensmann Jan Egil Tvinde kan enno ikkje seie noko om årsaka til brannen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: