Hopp til innhold

Mopedulykke i Vågsvåg

Det har vore ei trafikkulukke med moped i Vågsvåg i Nordfjord, melder politiet. Føraren av mopeden skal vere vaken og bevisst, men fortel om smerter i skulder. Ulukka skal ha skjedd ved Gravdal skule. Naudetatar er på veg til staden og politiet veit enno ikkje noko om årsaka til ulukka.