Mopedførar til sjukehus etter møte med bil

Naudetatane rykte i dag ut til eit trafikkuhell på Stavøya i Flora etter melding om at ein moped og ein bil hadde kollidert.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet meldte om ulukka klokka ti på fem. Det var lenge ukjent kor alvorleg skada mopedføraren var.

Like før klokka seks melder politiet at dei er ferdige på staden. Mopedføraren er sendt til sentralsjukehuset i Førde med mindre eller ubetydelege skader. Mopeden skal ha velta i samband med møte av bil.

Politiet har oppretta sak på hendinga.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.