Hopp til innhold

Førar av motorsykkel til sjukehus etter smell på rv. 15 i Stryn

Ei 17 år gamal jente er send til sjukehus etter at ein lett motorsykkel vart påkøyrd bakfrå på riksveg 15 i Stryn. Politiet har teke beslag i førarkortet til bilføraren.

Ulukke ved Langesethøgda i Stryn, motorsykkel og to personbilar involvert

TIL SJUKEHUS: Motorsyklisten skulle ta av frå riksvegen, då ein bil køyrde inn i ho bakfrå.

Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Luftambulanse, ambulanse og brannvesen vart klokka 14.19 i dag kalla ut etter melding om ein kollisjon mellom ein moped og ein lastebil på Langesethøgda i Stryn kommune.

Det viste seg etterkvart at det var snakk om ein lett motorsykkel som hadde vore involvert i ein kollisjon med to personbilar.

Nils Bakke i politiet seier til avisa Fjordingen at føraren av motorsykkelen er frakta med ambulanse til sjukehuset i Førde. Ulukka har skjedd då ein bil køyrde inn i motorsykkelen bakfrå, som deretter køyrde inn i bilen framfor.

Skulle svinge av hovudvegen

Ifølgje politiet var kvinna vaken og opplyste å ha smerter i kroppen. Kvinna vart sett til av helsepersonell på staden før ho vart frakta vidare med ambulanse.

Dei to bilførarane som er involvert skal ikkje vere skadde. Politiet har teke beslag i førarkortet til sjåføren av bilen som køyrde inn i motorsykkelen.

Politibetjent Kurt Hammerø i Stryn kom til ulukkesstaden like etter kollisjonen hadde skjedd.

– Bilen som kom bak motorsykkelen har ikkje fått seg at kvinna skulle svinge av frå vegen, og køyrde inn i motorsykkel bakfrå, seier han til NRK.

Motorsykkelen stod i sjølve vegbana då den skulle svinge av ved bensinstasjonen på Langesethøgda.

– Veit de noko om kva fart bilen har hatt?

– Nei, det har vi ikkje opplysningar om no.

Lange køar

Det er skader på motorsykkelen og på bilen som køyrde inn i motorsykkelen, får NRK opplyst.

Operasjonsleiar Svein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt sa like etter ulukka at det vart meldt om lange køar ved ulukkestaden.

– Det er meldt om store trafikale problem i området. Vegen er delvis sperra, seier Halleraker til NRK klokka 14.45.

Politiet opplyste klokka 15 at trafikken vart dirigert forbi staden.

Langeset i Stryn