Hopp til innhold

Moped køyrde i bil

Ein mann er send til Førde legesenter for kontroll etter at mopeden han køyrde, køyrde rett inn i bakparten på ein bil som skulle svinge av vegen.

Ulykke Angedalsvegen

HENTA: Ambulansepersonell var raskt på staden og tok med seg føraren av mopeden til legesjekk.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Bilen skal ha bremsa ned for å køyre av Angedalsvegen, og mopeden køyrde då rett inn i bilen bakfrå.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet klokka 08.30, og ambulanse og politi vart sende til staden.

Ulykka skjedde i ei 40-sone. Det skal vere minimale skadar på bil og moped.

Mopedføraren er send til legesjekk, men det er førebels ukjent om han er skadd.