- Dette er veldig, veldig morosamt. Det er kjekt å vere ein Askeladd, seier Staalnacke. - Det er veldig inspirerande, spesielt avdi dette ikkje er ein designpris, men ein pris for dei verdiane som ligg bak konseptet vårt.
Ari Behn poserer i Moods of Norway-dress.
Traust, kult og trendy
Simen Staalnacke frå Stryn kunne i lag med makkeren sin Peder Børresen motta årets pris på 30 000 kroner i går kveld. Det er nemleg ikkje berre Ari Behn, Penelope Cruz, Morten Abel og diverse MTV-kjendisar som diggar kleda til stryningen. Det gjer også Norges Bondelag, som deler ut Askeladden-prisen.
- Det at dei nyttar trauste bygdeelement og gjer dei kule og trendy, er noko juryen har lagt vekt på, seier Nina Glomsrud Saksrud som sat i juryen.
- Dei har skikkelg glimt i auge på det dei gjer, og viser at ein kan kome svært langt med bilete av ei traust bestemor og vaffeloppskrifta til mormor.
Kjendisar i kø
Bondelaget likar at stryningen tek vare på røtene - og med stor suksess. På få år har Staalnacke etablert eit heilt lite klesimperium, inspirert av stølsliv i Stryn og bunadband. No har Moods of Norway butikkar i tolv land, men hovudkontoret er og blir i Stryn.
Kjendisane strøymer på, og siste frontfigur frå Stryne-kleda har du kanskje sett i filmar som "Sky Captain and the World of Tomorrow" eller "Beautiful".
- Og Hollywood-stjerna Bai Ling skal no fronte Moods-klede i Asia, fortel Staalnacke, som møtte Bai Ling i Los Angeles for nokre veker sidan.