Hopp til innhold

Her fryktar dei at gata blir ein spøkelsesby

STRYN (NRK): Med sitt fargerike kleseventyr sette Moods of Norway norsk mote på kartet internasjonalt. Men no er lysa sløkte og dørene stengde. I heimbygda tek folk konkursen tungt.

Moods of Norway sine stengde butikklokale i Stryn

GRÅTT OG TRIST: Det er ikkje berre dei mørke butikklokala som var mørke og triste i dag. Folk NRK møtte på gata i Stryn var alle opprørte etter at ein av bygda sine stolte klesprodusentar har slått seg sjølv konkurs.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Vivian Sørensen

VEMODIG: Vivian Sørensen er ein av stryningane som i dag brukte ordet trist om konkursen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er trist. Med dei tomme butikklokala blir det litt som ein spøkelsesby, seier Vivian Sørensen.

Trist. Det er ordet mange i Stryn brukar for å skildre konkursen i Moods of Norway. I handlegata er det tydeleg at noko ikkje er som før. Stengde dører hos butikken som elles er den folk køyrer milevis for å besøke set sit preg.

– Det er veldig trist. Dei har gitt Stryn kjempereklame når dei har brukt bygda i marknadsføringa. Mange kom hit berre for å handle, seier Anne-Toril Vangberg.

Mange har meldt si interesse

Onsdag ettermiddag vart det kjent at klesprodusenten med base i Stryn har slått seg sjølv konkurs. Dei to Moods-selskapa har ei samla gjeld på over 112 millionar kroner. Dyr dollar og kostbar utanlandssatsing er blant årsakene til konkursen.

– Det var tårevått då vi såg at vi måtte gå til skifteretten, seier dagleg leiar Jan Egil Flo.

I heile dag har bustyrar Asbjørn Løvik vore i møte med leiinga for å finne ut kva som skjer vidare.

– Det er mange som har meldt si interesse for selskapet. Desse er interessert i å kjøpe deler eller heile selskapet, fortel Løvik til NRK.no torsdag ettermiddag.

Han vil førebels ikkje kommentere konkret kva verdiar som ligg i varelageret, eller korleis dei skal klare å betale kreditorane tilbake.

– Det er ei vurdering ein må ta med tanke på korleis ein vel å realisere aktivane. Det vil avhenge av kva slags interesse det er for eigendelane.

– Kva moglegheiter har ein?

– Ein må selje innmaten samla, eller selje enkeltdelar.

Sverre Magnar Haugen

TØFFE MARGINAR: Sverre Magnar Haugen i Riccovero fortel om tøffe marginar i kle- og motebransjen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Har sett norsk mote på kartet

Berre eit steinkast unna dei stengde dørene til Moods of Norway, ligg klesbutikken Riccovero, også dei med lokale røter. Dagleg leiar Sverre Magne Haugen blir stadig minna på at bransjen er tøff.

– Valutasituasjonen er kanskje det som har påverka oss mest dei siste åra. Når marginane blir mindre må ein tilpasse drifta og kostnadsnivået på andre måtar. Rett og slett for å klare seg.

Sonja Kristin Moen

TREKKPLASTER: Sonja Kristin Moen driv sjølv butikk i Stryn. – Då vi fekk Moods Of Norway-butikken var det eit trekkplaster, fortel ho.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Han meiner bransjen har mykje å takke Moods of Norway for.

– Dei har verkeleg vore med å setje Norge på kartet, både i Norge, men dei har også fått meir fokus på norsk mote i utlandet.

På gata legg ikkje stryningane skjul på at dei har mista noko viktig.

– Moods er identiteten vår. Og for handelen betyr det mykje. I helg og høgtider er det kø i butikkane. Vi vil merke det om ikkje dørene opnar att, seier Sonja Kristin Moen.