Moods-gründer snakka ut om konkursen

Fredag kveld var Moods-gründer Simen Staalnacke gjest hos NRK Sommeråpent og fortalde om då den enorme kleskjeda gjekk konkurs.

Sommeråpent

GJEST: Mannen bak Moods of Norway, Simen Staalnacke, fortalde om konkursen hos NRK Sommeråpent.

Foto: Skjermdump / NRK

Stryningen bak klesmerket Moods of Norway, som no har endra namn til Moods, gjesta fredag kveld NRK Sommeråpent si direktesending frå Gloppen Camping og Fritidssenter.

Han fortalde om vegen tilbake etter at klesmerket gjekk konkurs i 2017.

Eventyret starta i 2003. Moods of Norway svevde på ei rosa sky og bygde ei merkevare basert på nasjonalromantikk, traktorar, vaflar og bestemødre. Det var store festar og merksemd frå alle kantar. Fleire internasjonale kjendisar fekk auga opp for klesgiganten.

– Moods var eit eventyr. Det var utruleg kjekt å kunne oppleve det saman med mine kameratar, sa Staalnacke til NRK.

Stryningen grunnla Moods of Norway saman med Stefan Dahlquist og Peder Kristian Børresen.

US-FASHION-NORWAY

FARGERIKE DRESSAR: Moods of Norway er kjend for sine spenstige val av fargar.

Foto: MARK RALSTON / AFP

Moods of Norway etablerte seg raskt som eit stort varemerke utanfor landegrensene, men den amerikanske draumen kosta. Husleiga til butikken på Manhattan i New York var 16 millionar kroner i året. Moods-eventyret enda brått i 2017.

– Vi vaks nok litt for raskt, vedgår Staalnacke. Vi gav full gass ut av startgropa, fortel han.

Mista du litt fotfestet frå Stryn då du reiste over dammen?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er alltid godt å ha trygge vestlandsverdiar med seg. Det er viktig med pågangsmot, meiner 43-åringen.

Moods of Norway opnar butikk på Flø.

EVENTYR: Moods of Norway var eit eventyr fram til det blei kroken på døra for klesmerket i 2017.

Foto: Eirik Knudsen//Cockpit Studio

Då konkursen var eit faktum var Staalnacke oppteken av å raskt komme seg «tilbake på hesten.»

– Akkurat når det står på som verst er det sjølvsagt veldig hardt. Dette var ein fin epoke, og så må ein berre starte eit nytt kapittel, seier han.

Staalnacke meiner ein kan lære like mykje av nedturar som oppturar.

– Ein må heile tida våge å satse og gje litt gass. Men kanskje ikkje i like stor grad som vi gjorde i våre glansdagar, humrar stryningen.

Simen Staalnacke

GRÜNDER: Simen Staalnacke starta opp Moods of Norway i 2003. I 2017 gjekk selskapet konkurs.

Foto: Skjermdump / NRK

Tidlegare i år opna Moods på nytt dørene i Stryn med eit heilt nytt konsept. Traktoren var parkert og det nasjonalromantiske uttrykket var kraftig nedtona.

Kva er det viktigaste du har lært i åra som gründer?

– Ein må prøve å få hjelp til det ein ikkje kan sjølv. Du må verkeleg tru på ideen din. Viss ikkje du sjølv har trua er det heilt umogleg å få andre til å tru på den, seier stryningen.