NRK Meny
Normal

Til slutt fekk entreprenørfirmaet stadfesta mistanken - tilsett stal frå lageret

Sunnfjordingen stal frå arbeidsgjevaren og lurte både kundar og sin dåverande sambuar. No må han punge ut 37.000 kroner.

Fjordane tingrett 11

ILLUSTRASJON: Held mannen i 20-åra seg på rette side av lova dei to neste åra, slepp han å sone fengselsstraffa på 45 dagar bak lås og slå etter underslaget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen i 20-åra møtte ikkje sjølv i tingretten då han nyleg stod tiltalt for underslag mot arbeidsgjevaren sin i Fjordane tingrett.

Kortvarig tilsetjing

Arbeidsforholdet vart av det kortvarige slaget for montøren, med tilsetjing på nyåret og semje om avslutning på hausten etter ein del usemje og mistanke om tjuveri av verktøy.

Denne mistanken fekk arbeidsgjevaren, eit større entreprenørfirma i Sunnfjord, stadfesta året etter. Sidan montøren var flytta, ringde ein kunde firmaet for å få hjelp med å ta ned att installasjonen.

Firmaet fann ikkje kunden i registeret sitt, men fann derimot ut at installasjonen var ein av fleire som var forsvunne frå lageret deira.

Lurte sambuaren

Dermed byrja snøballen å rulle. Overfor kundane skal montøren ha forklart at han hadde fått transportskadde installasjonar, som han hadde sett i stand att og selde billeg.

Oppgjera vart overført til hans dåverande sambuar sin konto.

Også ho fekk same forklaring som kundane på kvifor ho plutseleg fekk 60.000 kroner på konto. Han fortalde også at ho fekk oppgjera ettersom han skulda henne pengar.

Må betale erstatning

Overfor politiet forklarte sunnfjordingen at han hadde kjøpt installasjonane frå ein annan forhandlar. Men retten sa seg samd med påtalemakta i at det heile var tale om underslag.

Samla hadde installasjonane ein utsalsverdi på over 60.000 kroner. Dette var også erstatningskravet frå entreprenørselskapet.

Retten meinte derimot at firmaet skulle ha erstatning for kostnaden dei hadde med å kjøpe nye installasjonar. Samla utgjer dette 30.500 kroner.

Må ikkje i fengsel

Mannen må også betale 7.000 kroner i sakskostnader til staten.

Retten meinte samstundes at det var formildande at saka hadde teke lang tid å få opp for rettssystemet, utan at dette var noko han kunne lastast for.

Fengselsstraffa på 45 dagar vart difor utsett med ei prøvetid på to år.