NRK Meny
Normal

Monterer mast - med 1000 meter rett ned

«Ikkje sjå ned» tenker du kanskje, men desse karane reiser verda rundt og dinglar i gondol-master. Men ingen så bratte som i Loen.

Hoven Loen, gondolmast

HIMMELHØGT: Høgdeskrekken har for lengst sluppe taket i dei sveitsiske montørane i Loen.

Foto: Philipp Biner

– Masta står ut over kanten festa i to svære fundament og er spent opp slik at det skal stå i hundre år. Når dei heng ute og monterer dette så er det tusen meter ned, seier Richard Grov.

Han er dagleg leiar i Hoven Loen, gondolbana som skal bli den nye attraksjonen i indre Nordfjord.

– Den ytste masta på toppen er 24 meter høg og ligg i vinkel ut over stupkanten. Alle wirane på bana skal gå over denne masta, seier Grov, som òg er hotelldirektør på Alexandra.

Hoven Loen, mast

UÆÆÆÆÆ: Denne arbeidsplassen er ikkje for dei fleste. Desse montørane har heldigvis gjort dette mange gongar før.

Foto: Philipp Biner

Gjort det før

Karane som klatrar rundt på masta på toppen av fjellet er frå Sveits, og for dei er dette berre endå ein plass å sette opp ei gondolbane.

– Vi har installert slike baner over heile verda. I Vietnam, Venezuela og fleire stadar i Europa. Det som er spesielt med denne bana er at den er veldig bratt. Det er den brattaste bana vi har levert, seier Philipp Biner i selskapet Garamenta.

Garamenta frå Sveits skal sette opp heile bana i Loen og det må dei bruke resten av året på. Sist vinter var dei i Tromsø for å sette opp ei bane der.

– Det var ein tøff vinter der oppe, men folka våre er tøffe, så eg trur vi klarer det meste. Vi lærte oss å klatre med store vintersko, seier Biner frå Sveits.

Jernbaneskinner i lufta

Det er lange spenn og store høgder, så det er store krefter i sving når dei store kabelvognene skal heisast opp og ned langs bana. I slutten av august skjer det mest utfordrande på heile prosjektet. Då skal dei byrje med å strekke kablane gjennom bana.

– Det er fire kablar som skal opp. Kvar kabel veg 22 tonn og er godt og vel éin og ein halv kilometer lange. Det blir litt som å henge opp jernbaneskinner, seier Richard Grov.

Éin og éin kabel blir køyrt opp på toppen av fjellet, tredd inn og lagt i spor over masta og ned mot stranda med store vinsj- og bremsesystem. Når kabelen etterkvart skal over hovudvegen, for å bli festa til stasjonen nede med fjorden, blir det bygd ein tunnel over vegen som kablane skal bli tredd gjennom.

– Dersom alle har gjort arbeidet sitt skikkeleg, så vil dette gå som smurt, seier Grov.