NRK Meny
Normal

Monicha realiserte draumen sin

I fleire artiklar skal vi no sjå tilbake på 20 år med Vestlandsrevyen. Den 11.11.11 er det 20 år sidan den første sendinga. No skal vi ha eit gjensyn med ei som på 1990-talet var i startfasen på ein uvanleg yrkeskarriere.

Monicha Landøy

Monicha Landøy.

Foto: Privat foto

I mai 1995 hadde Vestlandsrevyen eit innslag om 24 år gamle Monicha Landøy frå Værlandet. I oppveksten hadde ho rusla mykje i fjæra, og interessa for det som rørde seg i havet og naturen elles vart tidleg vekt.

Ho ville lære seg å stoppe ut dyr og fisk, og denne draumen sin hadde ho realisert då Vestlandsrevyen kom på besøk:

Video Movicha Landøy - Preparant

Monicha Landøy - Preparant

– Gløymer ikkje oteren

Same året som innslaget vart sendt, i 1995, starta ho firmaet Landøy Prep i Florø. Som ho fortalde i innslaget var ein oter det første dyret ho stoppa ut.

– Denne oteren gløymer eg ikkje.

Ho starta med å ta imot fuglar og smådyr som folk ville ha stoppa ut. Men ho stansa ikkje der. I 1996 fekk ho sett opp eit saltvassakvarium i verkstaden sin.

– Der var det småkrabbar, reker og småfisk. På den tida tok eg og til med å ta imot store dyr som hjort og bjørnar til utstopping. Det var ei spennande utfordring.

Monicha Landøy med utstoppa hjort

Monicha Landøy med hjortar ho har stoppa ut.

Foto: Magne Bakke

Planar om større akvarium

Nokre år seinare fekk Monicha i oppdrag å sette opp eit lite akvarium til opninga av den maritime næringshagen i Florø.

– Det var då eg bestemte meg for å starte prosessen med å realisere eit større akvarium i sentrum. Samstundes tok eg til med å planlegge ei vandreutstilling om biologisk mangfald.

På museum landet rundt

Vandreutstillinga var ferdig i 2009, og denne var på turné til museum landet rundt. I tillegg har eit samarbeid med Norges Naturvernforbund ført til at utstillinga og blir vist på skular.

Florafauna

Arbeidet med eit større akvarium skaut fart då Monicha Landøy flytta verkstaden sin til Strandgata 35 og etablerte Florafauna. Der var det høgt nok under taket til at ho kunne få plass til eit stort akvarium.

I sommar stod det heile klart, eit akvarium som romma 20.000 liter vatn.

– Målet mitt var at det skulle vere meir enn ein fisketank. Dette skulle vere eit akvarium der "innbyggjarane" trivst, med tareskog, mykje lys og godt med gøymestader.

Florafauna - akvarium i Florø

I Florafauna kan folk sjå m.a. torsk i tareskog.

Foto: Magne Bakke

Utan lån

Det heile er finansiert ved hjelp av gåver, sponsorar og dugnadsarbeid. Og Monicha passar sjølv akvariet parallelt med utstoppingsarbeidet.

Aktivitetar

Florafauna har i tillegg til akvariet og utstillingane ulike aktivitetar, her kan unge og litt eldre snikre båtar, lage naturbilete og fantasifuglar, og dei kan pusle og teikne.

– Eg har prøvd å hente fram litt av Flora-sjela i omgjevnadene, og eg synest sjølv det er blitt både koseleg og stemningsfullt.

Aktivitetar i Florafauna

I Florafauna kan ungane snikre sine eigne båtar.

Foto: Magne Bakke
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.