Hopp til innhold

Her fiksar Monica OL-sveisen på skiskyttarjentene

Ann Kristin Aafedt Flatland utfordra Monica Feidje Midlang (30) per SMS til å ordne OL-sveis på skiskyttarjentene og trenaren då ho vitja Rupholding. Den utfordringa tok vikja på strak arm.

Hjå frisøren

KLIPPE, KLIPPE: Ann Kristin Aafedt Flatland tok seg ei restitusjosøkt på sykkel etter hårklippen. Her er det Tiril Eckhoff som får ein etterlengta hårstuss av frisør Monica Feidje Midlang.

Foto: Gunnar Kleven/Sogn Avis

– Eg gjekk på Lagunen i 17-tida onsdag før me skulle til Rupholding og handla litt, og så plutseleg kom det tekstmelding frå Ann Kristin om at ho hadde eit oppdrag til meg, fortel Midlang.

I meldinga stod det at alle skiskyttarjentene og trenar Egil Gjelland trengde ein hårklipp før OL, og om Midlang hadde tid og lyst til å ta seg av det.

Skiskyttarjentene hadde nemleg snakka om at dei burde få klipt seg i heile haust. Men det hadde vorte med praten.

Måtte finne saks

Men Flatland visste råd då ho fekk vite at sambygdingen Midlang skulle til Rupholding.

– Eg sende ei melding til Monica fordi eg visste ho skulle nedover. Ho er ein sporty type som tek ting på strak arm. Og alle me jentene trengde sårt ei hårklipp, så eg tenkte dette var ei gylden moglegheit, seier Flatland.

– Eg tenkte først, hjelp, kva gjer eg no, seier Midlang.

Monica Feidje Midlang

MORO: Monica Feidje Midlang fekk ei oppleving litt utanom det vanlege då ho var i Rupholding. Her med ei av huene som ho fekk som takk for hårklippen.

Foto: privat

For sjølv om frisøren ikkje er vanskeleg til å få til å snu seg rundt, så stod ho mange titals mil frå sin eigen salong og klippeutstyr.

Men sjølv om ho var sakselaus, var ho slett ikkje rådlaus.

– Eg tenkte at dette må eg berre få til. Så eg skreiv tilbake at ein klipp skal me få til viss eg berre får tak i ei saks, seier Midlang.

Men kva skal ein gjere når det snart er kveld, og ein desperat treng ei frisørsaks og ein skapeleg kam?

– Eg er medlem i ei kjede, så eg ringde ein kontaktperson der. Ho sende meg til Cabello Hårstudio i Fana. Der hadde dei lagt fram saksene sine på eit bord, så eg fekk låne akkurat den saksa og kammen som eg ville, seier Midlang.

Fanny Welle-Strand Horn

PROVISORISK: Frisørkappe var det smått med, så i staden vart det brukt ein stiv plast med hol til hovudet. Her er det Fanny Welle-Strand Horn som får OL-sveis av frisør Monica Feidje Midlang.

Foto: Ann Kristin Aafedt Flatland

Klippe, klippe, klippe...

Med utstyret i orden, var det ein spent vikja-frisør som sette seg på flyet til Rupholding torsdag morgon.

– Kvelden før eg skulle klippe, sende Ann Kristin melding om at ho hadde fiksa klippekappe. Eg tenkte at ho sikkert hadde lånt ei på ein salong i Rupholding, men det var ikkje akkurat slik, ler Midlang.

Men også kappa var høgst provisorisk.

– Det var ei lang, stiv plastikkappe med eit hol i midten. Så var det berre å tre den nedover hovudet på dei, ein etter ein. Det meste var spontant, ler Midlang.

Først ut var trenar Egil Gjelland, og så Flatland, og så stod skiskyttarjentene i kø for saksa til Monica.

Og det var på høg tid! For når ein er aktiv skiskyttar og trenar iallfall to gonger om dagen, vert det både to og tre rundar i dusjen dagleg.

Nesten eitt år sidan førre klipp

Med fleire hundre reisedøgn i året, stadig på nye plassar, og aller helst på jakt etter stadar utan for mange bassiluskar, så er ikkje frisørar det ein først leitar etter.

– Eg trur ikkje eg hadde klypt meg sidan april då eg var heime sist. Eg trur det var veldig bra for alle at me vekk stussa tuppane litt, ler Flatland.

– Det var mellom seks månadar og eitt år sidan dei hadde klypt seg, så det var på tide. Flokete og slite var det på dei alle, ler Midlang.

– Me er mykje på farten, og ofte så får me ikkje somla oss til å bestille time før det er for seint. Dessutan held me oss helst unna stadar der det er mykje folk og sjanse for å bli smitta av noko no nett før OL, seier Flatland.

Difor var det perfekt å bruke eit rom i kjellaren på hotellet som improvisert frisørsalong.

– Det var beste måten vår å få gjort dette på, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ann Kristin Flatland vurderte å legge opp så sent som i høst, heldigvis gjorde hun ikke det og kunne klatre opp på pallen for første gang på tre år på fredagen. Reporter: Marius skjelbæk, foto/redigering: Alem Zebic

Var ikkje nervøs i det heile

Medan Tora Berger brukte tida til å skrive autografar, strikka Elise Ringen vottar på harde livet.

Trass i at Midlang har hatt eigen salong i åtte år, er det ikkje kvar dag ho har skiskyttarlandslaget for kvinner i klippestolen. Men nervøs, det var ho ikkje.

– Eg var i grunn ikkje nervøs. Eg er van til å gjere jobben min, og dei er ein heilt fantastisk gjeng. Dei var så rolege og kjekke å vere i lag med, heilt alminnelege og pratande heile gjengen, seier Midlang.

Det var først etterpå at ho rakk å tenkje på kva ho hadde vore med på.

– Det er utruleg stort å ha fått oppleve noko slikt. Dei er utruleg kjekke folk, seier Midlang.

Tre og ein halv time tok det å klippe gjengen.

– Så åt eg lunsj i lag med dei etterpå, og så køyrde fysioterapeuten deira meg opp på stadion slik at eg rakk å sjå herrane gå etterpå. Totalt sett var det ei oppleving for livet, seier Midlang.

(Artikkelen held fram under biletet)

RUSSIA BIATHLON WORLD CUP Biathlon World Cup in Sochi

VIL HA MEDALJE: Ann Kristin Aafedt Flatland gler seg til OL i Sotsji som startar 7. februar.

Foto: SERGEI CHIRIKOV / Epa

Hamna på same fly som herrelandslaget

Heime i Feios sat døtrene Rebekka (9) og Victoria (11) som svært gjerne skulle vore med på tur til skiskyttareldoradoet.

– Det gjekk seg til. Men det var ikkje heilt populært då eg ringde heim og sa at eg skulle møte heile landslaget, seier Midlang.

Då mamma kom heim med både sponsorhuer, signerte startnummer og kort frå kvinnelandslaget, så hjelpte det litt.

– Då var dei ivrige, ja, seier Midlang.

Men opplevingane i Rupholding var ikkje slutt med det. På flyet heim att, hamna ho og sambuaren på same fly som fleire av herreløparane.

– Vi tok fly både i lag med Bø-brørne, Emil Hegle Svendsen, Vetle Sjåstad Christiansen og ein av smørjarane. Når eg først kom meg til Rupholding, så vart det full pott, kan du seier, seier Midlang.

Skiskyttarjentene var så nøgde med klippen at dei spøkte med at dei kanskje burde leggje ei treningssamling til Vik om litt over eit halvt år, for ein ny hårstuss.

– Det må dei gjerne. Eg skal vere klar, ler Midlang.