Monica (48) er frivillig i Hellas for niande gong: – Alle her har mista noko

– Dei viser bilete av husa og hagane sine, som er borte. Dei viser bilete av barna sine, som er borte. Alle har mista noko.

Monica Skilbrei er frivillig for Dråpen i havet

SYROM: Monica Skilbrei er frivillig for Dråpen i havet for niande gong. Her frå syrommet som kvinner i Moria nyttar.

Foto: Turid Lilleheie / Dråpen i havet

For niande gong er Monica Skilbrei frå Førde på plass i Hellas som frivillig for organisasjonen «Dråpen i havet». Ho jobbar i Moria landsby, der dei hjelper menneske i Moria-leiren. Det nedlagde fengselet på øya Lesvos er tilhaldsstad for kring 5000 flyktningar.

– Den urettferda som desse menneska blir utsette for, og at dei faktisk må risikere liva sine på ny for å kome seg i tryggleik – det er så urettferdig at det ikkje heng på greip, seier Skilbrei.

– Svært ille

EU har vorte refsa for forholda i Moria-leiren. Skilbrei seier dei «heldige», dei svakaste, får utdelt ei fengselscelle. Alle andre ligg i telt.

Ungt ektepar fra Syria i Moria leir

MORIA-LEIREN: Leiren på Lesvos er no tilhaldsstad for kring 5000 menneske. Dette biletet er teke tidlegare i år. – Sidan vêret begynner å bli betre er også tilstanden meir positiv no, enn berre for eit par veker sidan, fortel Monica Skilbrei, som no er i Hellas.

Foto: Philip Lote / NRK

– Det er kaldt. Det snør om vinteren, det er minusgrader og det regnar mykje, så gjørme og vatn renn inn i telta.

Rottene spring rundt, og det er ikkje sanitærforhold. Det er ikkje nok mat, og folk er underernærte.

Monica Skilbrei, frivillig

Sjukepleiar og artist Marthe Valle og lege Hanne Heszlein-Lossius har vore i Moria, og skreiv tidlegare i år ein kronikk om det som møtte dei.

– Det er så ille at mange har teke sjølvmord, barn ned i 8-årsalderen. Den mentale tilstanden er svært ille, seier Skilbrei.

Ho fortel at styresmaktene har begynt å sende ein del menneske til ein leir i Aten, der det er litt betre forhold.

– Men her er det mangel på alt.

Forverring

Leger utan grenser var tidlegare til stades i Moria-leiren, men trekte seg ut for ikkje å legitimere forholda i leiren. No har dei ein klinikk utanfor, fortel president Karine Nordstrand.

– Vi ser ein dramatisk auke i psykiske helseproblem, særleg blant barn og unge. Der er sjølvmordsforsøk, også blant barn under 12 år. Å vere i leiren forverrar helsetilstanden, difor må særleg dei mest sårbare evakuerast umiddelbart.

– Mange kjem med bagasje etter å ha opplevd traumatiske ting. Situasjonen i leiren er pressa, noko som kan resultere i valdshendingar i sjølve leiren.

Det er først og fremst greske styresmakter som har ansvaret for leirane.

– Vi ser at dei ikkje handterer situasjonen, og EU-Tyrkia-avtalen gjer at folk ikkje kjem vidare. Slik sett er det EUs ansvar at desse menneska får det betre, og tryggleiken dei har krav på, seier Nordstrand.

Det at vi ikkje greier å vareta desse menneska her i Europa er kanskje det mest sjokkerande.

Karine Nordstrand, president i Leger uten grenser

Treng fleire

No skal Skilbrei vere på Lesvos nokre veker. «Dråpen i havet» treng stadig fleire hjelparar, og har starta ei seniorgruppe fordi behovet for godt vaksne frivillige er stort. Skilbrei håpar forholda skal bli betre, men om nødvendig, reiser ho tilbake.

Eg ser at eg som enkeltperson kan gjere utruleg mykje for ganske mange menneske på to-tre veker.

Monica Skilbrei, frivillig

– Er det noko i situasjonen som gir håp?

– Ja. Det er ufatteleg mykje kjærleik her, ein varme som er nesten som balsam når ein ser det som er av hat og retorikk.