Det er nemleg uklart om utanlandske turoperatørar får refundert momsen. Frå første september neste år må alle gjester betale åtte prosent moms på overnatting i Noreg.
Vestlandshotella mest utsette
Norsk næringsliv vil ikkje merke dette, for dei har fått ei refusjonsordning for denne momsen. Problemet er den utanlandske marknaden. I dag er det usikkert om utanlandske operatørar vil få ei liknande refusjonsordning. Dermed kan det bli endå dyrare for utanlandske gjestar å feriere i Noreg. Og turisthotella på Vestlandet er mellom dei som er mest sårbare, seier Gullaksen.
- Viktig å få til ordning no
Gullaksen er redd for at dette fører til ein nedgang i talet på utanlandske gjestar på mellom 10 og 15 %. Det er ikkje før i 2007 turistnæringa vil merke ein eventuell svikt. Men Gullaksen meiner det er viktig å få til ei ordning allereie no.