Moldestad-plate kåra til Årets album

Sigrid Moldestads «Brevet til kjærleiken» er kåra til årets album 2014 av «Under lupen» i Norsk på norsk.

Sigrid Moldestad

ÅRETS: På årets ti siste månader i fjor, klarte ikkje nokon andre norske artistar å kopiere Sigrid Moldestad sin toppkarakter i

Foto: Magnus Skrede

Albumet var det einaste som fekk toppkarakter seks gjennom radioprogrammet sine mange plateanmeldingar i løpet av 2014.

– Neimen, er det sant? Så kjekt! Fantastisk, jublar Sigrid Moldestad når ho får gladmeldinga.

– Årets album! Korleis klinger det?

Jan-Magnus Bruheim

DIKTAR: Jan-Magnus Bruheim budde fleire år i Botnane i Bremanger.

Foto: Privat

– Nei, eg kan jo ikkje seie anna enn at det høyres veldig fint ut, og at eg blir veldig glad.

Sette musikk til dikt

«Brevet til kjærleiken» var hennar fjerde soloplate då den kom 14. februar i fjor, og Moldestad sette sjølv tonane til Jan-Magnus Bruheim sine dikt. Bruheim var opprinneleg frå Skjåk, men budde mange år i Bremanger i heimfylket hennar.

Gjennom ei lang karriere var diktaren ein produktiv skribent, med mange diktsamlingar og bokutgjevnader både for born og vaksne. Han døydde i 1988.

intevju med Sigrid Moldestad

SJÅ VIDEO: Sigrid Moldestad var med i Vestlandsrevyen for å fortelje om plateinnspelinga.

Moldestad spelte inn plata i det nedlagde skulehuset i Botnane.

– Kvifor valde du desse tekstane?

– Eg vart spurt om å tonesetje nokre av dikta hans i samband med at det var 100 år sidan han vart fødd. Dette var både ei utfordring og samstundes noko nytt og spanande for meg, så det var med ærefrykt eg sette i gang.

Toppkarakter

Men resultatet gav gode karakterar hos kritikarane. Norsk på norsk sin anmeldar, Finn-Ulrik Berntsen, konkluderte på denne måten, då han gav henne full pott i vurderinga:

– Sigrid Moldestad har med si fjerde plate på eiga hand levert noko så sjeldan som eit magisk vakkert album. Eit av årets beste album kom alt i februar. Her vil det drysse prisar. Terningkast 6.

Hektisk 2014

– Men tekstane hans vart eit veldig fint bekjentskap, og Bruheim har blitt ein slags venn for meg dette året, held Moldestad fram.

Artisten frå Gloppen har hatt eit hektisk år med umiddelbare turnear etter platelanseringa.

– Eg har turnert og spelt mange konsertar, og hatt med meg desse songane og tekstane. Det har vore fint å sjå at dei røyver mange i publikum. Det har vore eit veldig, veldig fint år, seier ho.

Skal spekulere litt

Heller ikkje det kommande året har Moldestad tenkt å liggje på latsida. Men først ventar ein liten pause i januar.

– Eg skal spekulere litt på kva som lokkar meg mest. Eg har jo halde på med andre sine tekstar i år, men samstundes skrive ting sjølv. Så det blir nok noko nytt snart ... kanskje, avsluttar ho.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Sigrid Moldestad i studio.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.