Hopp til innhold

Moldestad med ny musikalsk høgderekord

Ho har gjort det til ein liten vane å spele der lufta er tunnast. Likevel vart dagens konsert i Alpane, 2100 meter over havet, ny rekord for Sigrid Moldestad.

Musikalsk høgderekord for Moldestad

REKORD: Sigrid Moldestad nyt påskestemninga i dei italienske alpane saman med gitarist Mattias Perez.

Rekordkonserten fann stad under festivalen «Swing on snow», som går over åtte dagar i Sør-Tyrol, heilt nord i Italia.

På plakaten står tretten forskjellige artistar, hovudsakleg frå Italia, Austerrike og Tyskland.

Men blant dei finn vi Sigrid Moldestad frå Breim i Gloppen. Ho seier festivalsjefen tok kontakt etter å ha forelska seg i låten «Brevet» frå den siste plata.

– Det er den direkte årsaka til at eg vart invitert ned og det er jo heilt fantastisk, seier Moldestad.

Godstemning utan afterski

Festivalen er av det spektakulære slaget. Konsertane blir spelte på alt frå slott og utescener i fleire tusen meters høgde. I løpet av helga vil Moldestad og gitaristen Mattias Perez få prøve begge deler.

I dag var scena plassert 2100 meter over havet med utsyn mot fjellkjeda Dolomittane.

– Det var heilt utruleg. Vi hadde 360 graders panoramautsikt til fjellformasjonar som ikkje liknar noko vi har i Norge, seier Moldestad.

Det vinterkledde publikummet verka å kose seg i solskinet, sjølv om konserten gjekk litt for tidleg til å stille i kategorien afterski. Utan at det la nokon dempar på stemninga.

– Du veit, folk her oppe dei snapsar rundt, drikk sin øl og kosar seg i sola, uansett, seier Moldestad.

Italienske alpane var kulissar for Moldestad-konsert

VAKKERT: Dei italienske alpane var kulissane då Moldestad heldt konsert i Sør-Tyrol i dag.

Møkalukt vekte heimkjensla

Sjølv om fjella i Alpane for Moldestad er hakket kvassare enn i heimfylket, fann ho fort heimkjensla i dei små bygdene rundt om i dalen der ho budde.

– Det er mykje bønder og dei møkar rundt her. Det luktar breimslukt og vår, seier Moldestad.

Moldestad syng på norsk og tekstane står sentralt. Likevel tykkjer ho det ikkje er den store forskjellen å spele for eit utanlandsk publikum.

– Kommunikasjonen du har gjennom musikk er veldig universell, så eg gjer ikkje så mykje annleis. Men det er klart, det blir eit anna møte, enn med nordmenn som forstår tekstane. Desto meir spanande for oss som står på scena og skal prøve å nå inn, seier Moldestad.

Trivst i høgfjellet

Gjennom eit langt konsertliv har ho spelt på mange forskjellige krinklar og krokar. Også i høgda.

– Eg må lage ei liste snart har eg funne ut, for eg har byrja å få ein tradisjon med å vere på fjellkonsertar, seier Moldestad, før ho ramsar opp:

– Det byrja med ein konsert på fjellgarden Fuglesteg i Luster for ein seks år sidan, etter det har eg vore på Skåla og spelt konsert med bandet der på 1848 meter, eg har vore med helikopter på Grimsnut i Hardanger, det var vel ein 12-1300 meter, så var vi på Fuglesteg igjen i sommar, og no har vi då vore på toppen i Alpane her på 2100 meter, seier Moldestad.

No gler ho seg til siste konsert i morgon.

– Då skal vi spele på eit slott, så det er temmeleg eksklusivt dette her.