Hopp til innhold

Moldespelar på utlån til Sogndal

Moldespelaren Magnus Stamnestrø (20) er det siste tilskotet til Sogndal sin eliteserietropp. Han kjem på utlån ut 2013.

Ødegaard og Stamnestrø

KLAR FOR SOGNDAL: Magnus Stamnestrø (i midten) er klar for Sogndal ut 2013.

Foto: Djorovic, Aleksandar / SCANPIX / NTB scanpix

Det bekreftar Molde på sine heimesider.

Den sentrale midtbanespelaren har ikkje fått speletid i eliteserien, men Molde ønskjer at han skal få kamptrening på eit høgre nivå enn andredivisjon, der Molde 2 spelar.

– Magnus er ein spelar som me har stor tru på og framleis har ei framtid i klubben, men me har Norges beste sentrale midtbane, og det er sterk konkurranse om plassane. Difor vil det vera veldig bra for Magnus at han får meir speletid i ein annan klubb, skriv Molde på heimesidene sine.

Dermed blir han den andre spelaren Sogndal sikrar seg på kort tid. Onsdag signerte dei 17-åringen Bjørn Inge Utvik (17) frå FK Haugesund.

Den unge midtstopparen har fått lovnader om å bli satsa på i Sogndal, og difor var valet enkelt, sa faren til talentet, som spelar på aldersfastlagde landslag.