Hopp til innhold

Byggjer steinbu til populært topp-turmål

Luster sitt flottaste utsiktspunkt, Molden (1116 moh), er blitt eit så populært turmål at kommunen byggjer steinbu for å gje ly til fjellfararar.

Steinbu på Molden

STEINBU: Ei steinbu tek form på toppen av Molden. Her kan fjellfararar søkje ly om dei treng det.

Foto: privat

– Dette ser vi fram til å få på plass. Det har vore mange som har ivra for å få på plass steinbua.

Luster kommune har fått mange tilbakemeldingar om at det var ønskjeleg med ein plass på toppen av Molden til å søkje ly, og for å få ete nista si og ikkje minst nyte utsikta.

Toppen av Molden ligg på 1116 meter over havet og der har ein usikt mot Hafslo, Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen, Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen.

Treng meir stein

Steinbu Molden

STEIN FOR STEIN: 70-80 tonn stein er frakta til toppen. Men her trengst mellom 120.140 tonn trur prosjektleiaren.

Foto: privat

Landbrukssjefen i Luster, Steinulf Skjerdal, gler seg over at eit fleireårig prosjekt er i ferd med å ta form. For i fjellsida på Molden er sherpaer frå nepal og ein islendar i full gang med å frakte stein til toppen - 1116 meter over havet.

– Vi har frakta opp 70-80 tonn stein med helikopter. Men vi treng meir. Så totalt må det vel opp ein stad mellom 120 - 140 tonn, trur prosjektleiar Geir Vetti.

Steinbua skal byggjast med tre veggar i stein og ha eit solid tak. Førebels er det berre såvidt grunnmuren er kommen på plass.

– Molden er blitt eit populært turmål fordi det er lett tilgjengeleg å komme seg på toppen. Det tar berre eit par timar med lett gange å komme opp og då har ein ei fantastisk utsikt over fjorden og i alle himmelretningar, seier Skjerdal.

Difor har kommunen fått prosjektet inn i Naturarvprosjektet i kommunen. I tillegg har bygginga fått tippemidlar.

(Artikkelen held fram under bilete)

Steinbu på Molden

POPULÆRT: Litt tåkete denne dagen, men utsikta frå Molden er svært populær. No kan snart fotturistane ta nyte synet av ei steinbu på toppen også.

Foto: privat

Ønkskjer fjellfolk velkomne

Landbrukssjefen i Luster kommune, Steinulf Skjerdal, seier dei allereie har gjort fleire tilretteleggingstiltak for fjellfolk rundt Molden.

– Vi har laga ein parkeringsplass og eit sanitæranlegg for å gjere det enklare for alle som vil gå på fjelltoppen.

Målet er at steinhytta på fjelltoppen skal stå ferdig i løpet av hausten. Geir Vetti håpar dei klarer det.

– Dette arbeidet er veldig vêravhengig. No må vi berre få på plass meir stein, så går det framover.

Molden Opp 2013

TURMÅL: Det populære turmålet Molden har fått sitt eige toppturløp 'Molden Opp'.

Foto: Thea Øvregard Røhme