Hopp til innhold

Hadde Molde i kneståande - men i løpet av to minutt var alt snudd på hovudet

(SOGNDAL - MOLDE 1-2): Sogndal hadde lenge Molde i kne, men to intense minutt i andre omgang avgjorde for Solskjærs menn.

Malick Mane i kamp mot Molde

UROMOMENT: Malick Mane og Sogndal kjempa godt heile kampen, men måtte sjå bortelaget ta med seg dei tre poenga heim til Rosenes by.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal gjennomførte ein taktisk svært god førsteomgang, og gjekk til pause med 1-0 heime mot Molde.

Men takka vere to raske nettkjenningar frå Joona Toivio og Tommy Høiland varf det 2-1 til Molde.

Hindra Molde i å sleppe til

Eit kvarter ut i kampen fekk vi ein smakebit på det som skulle komme, då Ulrik flo fekk ein kjempesjanse framfor Molde-målet. Etter litt klabb og babb enda ballen i føtene til spissen, som ikkje greidde å setje ballen i det nesten opne målet.

Nokre minutt seinare var det Molde og Etzaz Hussain sin tur. Skotet frå utanfor 16-meteren gjekk utanfor mål.

26 minutt ut i omgangen var Azar Karadas høgast på eit innlegg frå høgre. Nordfjordingen sette headinga si rett på keeper Nyland i Molde-målet, men Malick Mane sende Sogndal i føringa med eit konstant skot i nettaket på returen.

Deretter bølgja spelet fram og tilbake, og Per-Egil Flo hadde ein stor sjanse til å utlikne mot gamlelaget. Stryningen fekk likevel ikkje stokka beina.

Like før pause kom Mane seg igjen fri på venstre kant. Men frå spiss vinkel gjekk skotet til side for mål.

På overtid kom så Sogndals store sjanse til å doble leiinga. Eit Ruben Holsæter-frispark frå venstre gjekk gjennom heile feltet, før det enda i stolpen. Hannu Patronen var først på returen, fekk ballen i magen - før han trefte tverrliggjaren.

Laga gjekk til pause på 1-0 til heimelaget, som stod fram som mest aggressive. Dei let ikkje den doble seriemeisteren sleppe til med spelet sitt.

... Så snudde Molde kampen

Molde opna andre omgang best. Eit innlegg frå venstre kunne fort ha enda i 1-1, då Taijo Teniste heldt på å lage sjølvmål.

Sju minutt ut i omgangen kunne eit skot frå Moldes Per-Egil Flo ha gått inn, men Erik Dahlin såg retningsendringa og redda enkelt. Like etterpå kom Fredrik Gulbrandsen gjennom, men skotet gjekk langt utanfor.

Mahatma Otoo kom inn for Sogndal ti minutt etter sidebyte, og klinka med ein gong til med eit godt langskot . Ghanesaren kunne ha scora i debuten, berre nokre dagar etter at han vart klar for klubben, men skotet gjekk utanfor.

Etter 66 minutts spel burde ein annan innbytar, Mattias Mostrøm, ha utlikna for Molde. Men svensken nølte for lenge, og Sogndal-forsvaret blokkerte skotet.

Molde fekk meir og tak på kampen utover i omgangen, og det låg eit mål i lufta då Joona Toivio utlikna til 1-1 med eit hardt skot etter ein corner.

Berre eit par minutt seinare gjekk gjestene opp i 2-1. Ein presis corner frå Per-Egil Flo vart heada inn av Tommy Høiland. Molde hadde snudd kampen på to minutt.

Resten av omgangen greidde ingen av laga å komme til veldig store sjansar, og det heile enda 2-1 til Molde - som med klatra forbi Sogndal på tabellen.