Hopp til innhold

Mokte taket på Brævasshytta – har aldri opplevd slike snømengder

Det tok fire personar fem timar å rydde taket Brævasshytta i Fjærland for dei enorme snømengdene. Folk i bygda har aldri opplevd maken til snørik desember.

Snømåking i Fjærland

SNØRIKT: Det vart ein tung jobb å få rydda snøen av taket på Brævasshytta i dag.

Foto: Jo Marius Bøyum

Jo Marius Bøyum driv Brævasshytta, som ligg ved Brevatnet i Fjærland. Han vore ute for store snømengder før, men i desember er metervis med snø sjeldan kost.

– Det var alvorleg mykje, altså, fytti grisen!, seier ein sliten snømokar etter enda dyst.

– Svært spesielt

Brævasshytta har for tida har vinterstengt. I dag måtte Bøyum likevel fram med spade og skuffer, for at snøen ikkje skulle gjere skade på det populære turistmålet.

– Det var tungt. Forferdeleg tungt – og enno hadde eg med meg tre stykk. Men det var tung snø altså, seier Bøyum.

Snømoking i Fjærland

GODE MEDHJELPARAR: Det tok dei fire snømokarane fem timar å få unnagjort jobben.

Foto: Jo Marius Bøyum

Det tok han og søstera Anne Randi Bøyum, Lars Tommy Trømborg og kompisen Endre Distad fem intense timar å få rydda taket. Dei antek at det hadde samla seg i overkant av 160 centimeter snø.

– Eg har ikkje vore med på så mykje i desember månad. I 2011, når vi var der og rydda, så var det godt over to meter. Men det var i slutten av februar, så dette er svært spesielt, fortel Bøyum.

Bøyum reknar ikkje med at dette blir den siste turen for å rydde snø denne vinteren. For verre skal det bli.

– Vi er eigentleg berre på veg inn i snømånadane. Februar er den store snømånaden i Fjærland, seier Bøyum.

Spår lang snøsesong

Held det fram i same stil, trur Bøyum det i år kan det gå langt ut på våren før snøen er vekke.

– Eg håpar vi greier å fresa oss fram til opninga 10. mai, seier han.

Det høyrest mest ut som ein spøk, men Bøyum minnast ein gong tidleg på nittitalet, då var det over 170 centimeter med snø på plassen utanfor når hytta opna.

Dei veldige snømengdene har blitt noko folk i Fjærland snakkar om. Dei færraste kan hugse å ha opplevd tilsvarande.

– Det var nokre eldre karar som snakka om at snøvinteren 81–82, då kom det mykje julaftan og juledagen. Men det er vel ingen som har opplevd så mykje snø her inne før jul, seier Bøyum.