Hopp til innhold

Møklekkasjen tok livet av kritisk truga fisk

Det var ikkje berre aure i elva som måtte bøte med livet etter lekkasjen av møk frå ein gard på Drage i Stadlandet tysdag. Også ein truga ål bukka under.

Lekkasje møk Stadlandet

UHELDIG: Det er veldig uheldig at lekkasjen tok livet av mykje fisk og ein ål som er del av ein kritisk truga art, seier Jon Anton Gladsø hjå fylkesmannen.

Foto: Elisabeth Eftevand

– Dette er den som blir kalla for europeisk ål. Den er raudlista. Det er mange påverknader som gjer at arten har hamna på raudlista over truga artar, seier Jon Anton Gladsø hjå fylkesmannen.

NRK fortalde i går om lekkasjen frå ein slange hjå ein bonde på Drage på Stadlandet, som førte til at møk rann nedover elva og tok liv av både aure og ål.

– Vi fann ein god del død fisk, først fisk på 2–3 centimeter, men etter kvart opp i 25 centimeter. I tillegg fann vi ein ål. Eg berre håpar det ikkje er den totalfreda ålen, sa Brede Berglund onsdag kveld.

Klare for å hjelpe kommunen

Men frykta til Berglund og sambuaren Elisabeth Eftevand, som ofte går tur i området, vert no altså stadfesta frå miljøavdelinga hjå fylkesmannen.

Ifølgje Havforskingsinstituttet er ålen på eit historisk lågt nivå, og den kritisk truga arten vil truleg vere rødlista i fleire tiår framover.

Ål

TRUGA: Ålen.

Foto: Elisabeth Eftevand

– Det er veldig uheldig at slike ting skjer. Veldig uheldig, og vi må prøve å unngå at det skjer i framtida. Det er ikkje bra med utslepp som fører til at livet i elva dør. Det er heilt klart, seier Gladsø.

– Vil de følgje opp saka på nokon måte?

– Det er kommunen som er forureiningsstyresmakt, og dei vil nok følgje opp saka. Dersom kommunen ønskjer det, skal vi hjelpe dei i saka, seier han.

Lekkasje møk Stadlandet

SYNLEG: Brunt vatn og skum frå møka var synleg heile vegen frå lekkasjen og ned til der elva renn ut i havet, sa Eftevand som tok desse bileta. Bonden seier det var mindre mengder møk som lak ut.

Foto: Elisabeth Eftevand

Politiet har fått rapport

Brannvesenet i Selje kommune var onsdag kveld ute for å sjå på området der lekkasjen skjedde. Over eit døgn etter hendinga var det framleis møk att i elva.

– Litt møk var det ned gjennom elva. Ifølgje bonden var det eit uhell, og det trur vi på, seier varabrannsjef i Selje, Johnny Prestevik.

Bonden sa til NRK onsdag at han betalte ein «klekkeleg bot» etter ein tidlegare lekkasje, og at det som har skjedd er beklageleg og frustrerande. Han sa då at han ikkje vil kommentere saka ytterlegare, men ta det som måtte komme med politi og brannvesen.

Prestevik i brannvesenet kan ikkje seie noko om korvidt saka vil bli følgd opp.

– Vi gjer ikkje noko meir for å følgje det opp, men eg har rapportert vidare til politiet, seier han.

Død fisk stadlandet

FULLE AV MØK: Eftevand og Berglund plukka død fisk ut der berre halen stakk opp frå møka.

Foto: Elisabeth Eftevand