Hopp til innhold

Moglege ulvespor i Fjaler

Det kan vere funne nye spor av ulven som herja i ytre Sogn og Sunnfjord i sommar. I desember fekk Statens naturoppsynet bilete av det som kan vere ulvespor i Vestdalen i Hyllestad. Og 3. januar fekk dei eit nytt bilete denne gongen frå Lonedalstjørna i Fjaler, litt lenger nord i same området. Rådgjevar Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn har ikkje fått sjekka spora, men utelukkar ikkje at det kan vere spor av ulv.

Ulvespor i Fjaler
Foto: privat