Mogleg innbrot og påsett brann

Politiet etterforskar eit mogleg innbrot i samband med husbrannen i Hatlevika i Vågsøy. Det skriv Fjordenes Tidende. Meldinga om brannen kom rundt klokka 03 natt til søndag, og brannvesenet hadde kontroll i løpet av ein halv time. Politiet veit enno ikkje om noko er stole frå huset, og etterforskar også om brannen var påsett.

Vegopning på Bergum i Førde kommune