NRK Meny
Normal

40-åring moderat skadd etter dumparvelt

Ein 40 år gammal mann er innlagd på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus med moderate skadar etter at dumparen han køyrde, velta tysdag ettermiddag.

Dumper velta i Loen

VELTA: Hengaren vart liggjande opp ned etter ulykka.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Ulykka skjedde på ein anleggsveg like over Hotel Alexandra i Loen under arbeid med rasførebygging.

Dumparen skal ha vore på veg nedover ein ganske bratt anleggsveg mot riksvegen då han velta i veggrøfta. Tilhengaren vart liggjande opp ned, medan trekkvogna vart ståande på hjula etter rundvelten.

Ulykka vert vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor. Arbeidstilsynet er også kopla inn i saka.

Mange alvorlege ulykker

I september henta NRK inn tal som syner at det sidan 2010 har vore mange alvorlege ulykker i samband med vegbygging i Sogn og Fjordane.

Berre i Sogn og Fjordane har det vore tre omkomne og nærare 80 personar skade under vegarbeid. I heile landet har 1350 personar vorte skadde og 23 har omkomme i samband med vegbygging og vegvedlikehald i Norge.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.