NRK Meny
Normal

Mobiliserer mot Dooria i Årdal

To norske dørfabrikkar går no saman for å få omgjort vedtaket om statleg støtte gjennom Innovasjon Norge til Dooria i Årdal.

- Førebels har vi berre prata saman, så får vi sjå kvar det endar, seier tillitsvald Nils Låtveit ved Nordic Dørfabrikk i Lyngdal i Vest-Agder.

Låtveit meiner støtta til dørfabrikken i Årdal er i strid med EØS-reglane.

Mobiliserer til kamp

Dei som har prata saman er tillitsvalde og leiing i Nordic Dørfabrikk i Lyngdal i Vest-Agder med 140 tilsette og Bindalsbruket i Bindal heilt sør i Nordland med opp mot 120 tilsette.

Det er Dagens Næringsliv som skriv at desse to dørfabrikkane mobiliserer til kamp mot den støtta Staten gjennom Innovasjon Norge har gitt til Dooria si etablering i Årdal. Låtveit presierer at dei ikkje er imot at Årdal får nye arbeidsplassar. 

- Men eg synest det er trist at regjeringa ikkje har sett seg om, og fått med seg at det er nok press i dørmarknaden  i Norden. Då tykkjer eg det er dumt at dei går inn med slik støtte, som eigentleg burde vore brukt på nyetablering. Det vert rett og slett gale i høve til det Innovasjon Norge skal stå for.

- Ikkje konkurranse på same vilkår

Administrerande direktør Svein Ove Risnes i Bindalsbruket seier at han ikkje har noko imot ein ny fabrikk i Årdal, men at det må bli konkurranse på like vilkår, og det blir det ikkje med slik starthjelp som Dooria får.

Bindalsbruket fekk i fjor eit lite overskot etter underskot i 2004 og nedskjering av arbeidsstokken. Dørfabrikken er den einaste arbeidsplassen av nemnande storleik i Bindal, og Risnes ser auka konkurranse frå Dooria som eit trugsmål mot eksistensen til Bindalsbruket.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.